Inaktiv

Vil du vere med å gje skulebarna våre gode oppvekstvilkår?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule
Stillingstittel
Undervisningsstillingar ved Borgafjellet barneskule
Frist
11.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

100% vikariat, frå 15.05.24 28.02.25 med moglegheit for forlenging.
100% vikariat skuleåret 24/25.
100% engasjement skuleåret 24/25.

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad Borgafjellet barneskule
Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen. Skuleåret 2023/2024 har vi 265 elevar og om lag 30 tilsette. Skulen er ein to parallell skule. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lager vi gode rammer rundt barna.

Arbeidsoppgåver
Kontaktlæraroppgåver og undervisning i fleire fag på barnetrinn.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

 I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid. Vi ser etter medarbeidarar som: - er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell - er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid - er framtidsretta innan digital undervisning - er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar - har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega

Skulen har særleg behov for kompetanse innan faga norsk, matematikk, engelsk. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson:
Gunnhild Astrup Hansen, rektor, mobil: 415 16 433,

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Hegglandsdalsvegen 99, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

barn, skole, undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunnhild Hansen
Telefon
56 57 59 60
Følg firma
483 følger dette firmaet

Hegglandsdalsvegen 99, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 345082369
Sist endret 12. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse