Inaktiv

Barnehagelærar - inntil 100 % fast

Arbeidsgiver
FYRESDAL KOMMUNE
Stillingstittel
Barnehagelærer
Frist
08.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med FYRESDAL KOMMUNE

Sektor for kultur og oppvekst søker barnehagelærar i inntil 100 % fast stilling frå 01.08.2024. 

Det vil kunne vere aktuelt med funksjon som pedagogisk leiar barnehageåret 2024-2025.

Fyresdal barnehage er kommunal og har 75 plassar og ca. 15 tilsette. Barnehagen blei renovert og bygd ut i 2015. Det fysiske miljøet inne er lyst og fint, og byr inn til leik og kreativitet. Hausten 2019 blei også uteområdet i Fyresdal barnehage renovert og utvida. Utearealet er stort, med mykje bruk av økologisk materiale og med fri tilgang til skog og nærområde. Hamaren Aktivitetspark ser vi på som ein del av primærområdet til barnehagen og blir ofte bruka. Satsingsområda til barnehagen er sosial kompetanse, språk, uteliv og leik.

Stillinga som barnehagelærar inneber:

  • Medansvar for utvikling og kompetanseheving i høve barnehagen som pedagogisk verksemd tilpassa det enkelte barn og barnegruppa
  • Medansvar for pedagogisk planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av barnehagens oppgåver og pedagogiske innhald
  • Aktivt nærvære i leik og samspel med barn i kvardagslege aktivitetar
  • Medansvar for barnehagen som ei heilskapleg eining, samarbeid med kollegaer, foreldre, leiing og eksterne samarbeidspartnarar 
  • Medansvar for eit godt arbeidsmiljø i barnehagen

Kvalifikasjonar:

  • Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna 3-årig sosialfagleg utdanning (ein forpliktar seg i så høve å ta nødvendig pedagogisk utdanning etter avtale)
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eventuelt minimum bestått norskprøve B2
  • Gode evner til å samarbeide, organisere og vere løysingsorientera
  • Gode evner til å arbeide i team for barnets beste

Vi søker ein person som:

  • Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Likar utfordringar
  • Bidreg til å sikre eit godt samarbeid mellom barnehage og heim
  • Har gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen 

Tilsettingsvilkår:

  • Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk. 
  • Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato.
  • Den som blir tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. 
  • Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve.

Kontaktperson ved spørsmål: 

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til barnehagestyrar, Kathrin Liltved, på 97 06 46 81 eller kathrin.liltved@fyresdal.kommune.no.

Søknadsfrist:

Søknadsfrist for stillinga er 08.04.2024.

Velkomen som søkar!

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring. Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

NB. Vi opplever nokre utfordringar i samband med opplasting av vedlegg til søknadane. Vi ber deg derfor om å laste opp vedlegga dine i PDF-format (og ikkje Word-format). Vedlegga kan alternativt ettersendast via post, e-post eller E-dialog.

Om arbeidsgiveren

Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

barnehagelærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kathrin Liltved
Stillingstittel
Barnehagestyrar
Mobil
97 06 46 81
Følg firma
10 følger dette firmaet

Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 345078146
Sist endret 9. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse