Me tilbyr gode vilkår og gratis årskort på ski eller i Vossabadet

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Pedagogstillingar i vossabarnehagane
Frist
01.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Tilsetjinga skjer snarast og fortløpande i perioden.

Voss herad søkjer engasjerte pedagogar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn. Me legg vekt på at barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje barna i Voss herad ein god barndom på vegen vidare i livet. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag i vossabarnehagane.

Voss herad tilbyr:

  • Rekrutteringstillegg kr 20 000 for dei som får 100% stilling i Hauge, Tueteigen, Evanger og Bolstad barnehage. Endrar du tenestestad til anna barnehage enn Hauge, Tueteigen, Evanger og Bolstad fylgjer ikkje rekrutteringstillegg med.
  • Gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad.
  • Fast stilling i Voss herad
  • God ordning for etter og vidareutdanning
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaringar med kvarandre
  • Gode kollegaer og eit positivt miljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

            Dei som vert tilsett må leggja fram godkjend politiattest.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet. 
  • Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med barn og foreldre/føresette
  • Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar.
  • Førebu og gjennomføra oppstartsamtalar og foreldresamtalar
  • Syta for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø.
  • Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø.

  Tilsetjingsprosess:

  • Dette er ei felleslysing for alle barnehagane i heradet
  • Tenestestad kan og vil variera, men du vert fast tilsett i Voss herad
  • Dersom du søkjer i ein spesifikk barnehage ber me deg om å skriva dette i søknaden

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Me ynskjer at:

  • Barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje dei ein god barndom
  • Du er engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn. 
  • Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • Du har fokus på barna sitt beste, evne og vilje til å samarbeid, og kan jobba sjølvstendig.
  • Du er utviklingsorientert, engasjert, løysingsorientert og fleksibel
  • Du bidreg til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag i vossabarnehagane.

 

Det er 11 kommunale barnehagar i heradet. I vossabarnehagen er ein opptatt av å skapa kvalitet og gode relasjonar i møte med barn, foreldre og tilsette. I vossabarnehagen arbeider ein kontinuerleg med å utvikla den gode barnehage. Gå inn på heimesida til Voss herad for å finna informasjon om den enkelte barnehage.   

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor
Offentlig
Sted
Voss tinghus, 5700 Voss
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder

Nøkkelord

pedagog, barnehagelærar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frøydis Solbakk
Telefon
45 29 28 55
Følg firma
170 følger dette firmaet

Voss tinghus, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 345066575
Sist endret 21. mar. 2024 13:36

Rapporter annonse