Ledig stilling som byggesakshandsamar i Eidfjord
- Arbeidsgiver
- Eidfjord kommune
- Stillingstittel
- Byggesakhandsamar
- Frist
- 14.04.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Ledig inntil 100 % stilling som byggjesakshandsamar
Forvaltningsavdelinga består i dag av sju årsverk og er ansvarleg for handsaminga av saker innanfor m.a. plan, byggjesak, landbruk, vilt-, fiske- og naturforvaltning, miljø, kart- og oppmåling, og matrikulering. Avdelinga sitt samla og har godt tverrfagleg samarbeid.
Forvaltningsavdelinga er ein del av eininga Drift & Forvaltning som i tillegg til forvaltning består av drift, vatn og avlaup, reinhald og brannvern. Fleire av dei tilsette på desse avdelingane sitt saman med Forvaltningsavdelinga og er ein del av det tverrfaglege arbeidet. Spesielt jobbar byggjesak og vatn og avlaup saman.
Me har i dag to byggjesakshandsamarar på avdelinga. Då den eine av dei går over i anna stilling på eininga, ser me etter ein erstattar. Me ynskjer oss nokon med interesse for feltet, og som kan bidra til god kvalitet i kommunen sitt forvaltningsarbeid.
Arbeidsoppgåver:- Handsame byggje- og delesaker
- Førebu dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova som skal til politisk handsaming
- Matrikkelføring og oppdatering av digitale kartbasar, til dømes registrere mindre VA-tiltak i VA-kartbasen vår
- Tilsyn og ulovlegheitsoppfølging etter plan- og bygningslova
- Handsaming av klagar
- Rettleia private, utbyggjarar og næringsliv, men og andre einingar i kommunen.
- Bidra til fagleg kvalitet innan fagfeltet og forbetring av rutinar
Eininga Drift & Forvaltning har stort spenn i fagfelta. Som tilsett her må du rekna med å ta del i oppgåver knytt til tilgrensande saksfelt.
Kvalifikasjonar:- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning til dømes innan jus, ingeniørfag eller arkitektur
- I særlege tilfelle kan erfaring innan fagfeltet kompensere for manglande relevant utdanning
- Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men ikkje eit krav
- Det er ynskjeleg med kjennskap til plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter
- Kjennskap til GIS og bruk av digitale verktøy er ein fordel, men ikkje eit krav
- Evne til å arbeida nøyaktig, effektivt og sjølvstendig
- Evne til å formulera deg klart og tydeleg skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Personar med interesse for faget, ynskte personlege eigenskapar, lang tidshorisont i stillinga, og ynskje om å ta utdanning innan faget under tilsetjingstilhøvet vil i særskilte tilfelle kunna verta vurdert til tross for manglande utdanning.
Me tilbyr:- Høve til vidareutdanning
- Høve til å vera med og påverka eigen arbeidskvardag
- Hjelp til å skaffa bustad
- Løn etter avtale
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsleiar på Forvaltning, Rebecka Friis. E-post rebecka.friis@eidfjord.kommune.no, tlf 41849648.
Om arbeidsgiveren
Eidfjord kommune ligg inst i Hardangerfjorden mellom stupbratte fjell og ved foten av Hardangervidda. Me er ein liten kommune i folketal med 968 innbyggjarar, men likevel stor i areal og aktivitetsnivå. Me er ein hyttekommune med stor utbyggingsaktivitet, særleg i Sysendalen. Eidfjord har også nasjonalpark, naturvernområde og landskapsvernområde. Tilknytninga til fjellet og tradisjonar kring dette er viktig for innbyggjarar, men og for besøkande.
Eidfjord er ein attraktiv plass å bu og arbeide i og me ynskjer nye innbyggjarar og arbeidstakarar hjerteleg velkomne til oss.
- Nettverk
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord
- Bransje
- Arkitektur, areal og interiør,
- Bygg og anlegg,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon,
- Rådgivning,
- Saksbehandler
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
Byggesak, Kommunal sektor, Plan og byggesaker, byggesakbehandler, Saksbehandlar
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Rebecka Friis
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar forvaltning
- Telefon
- 53 67 35 00
- Mobil
- 41 84 96 48
Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord