Inaktiv

Me søkjer ein Controller med særskild ansvar for eigedom og økonomi.

Arbeidsgiver
Sogn Sparebank
Stillingstittel
Eigedoms- og økonomi Controller
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Stillinga er plassert i banken sin økonomiavdeling. Teamet består av ein gjeng med engasjerte og fagsterke kollegaer som i lag med resten av  banken gjer sitt beste for at det skal vere sutalaust å vere både kunde og medarbeidar i Sogn Sparebank.


Dine arbeidsoppgåver:

  • Forvalte banken sin eigedomsmasse på ein effektiv måte
  • Kommersiell utvikling av eigedomsmassen vidare med nye og eksisterande leigetakarar
  • Bidra med Controlleroppgåver i økonomiavdelinga
  • Bidra med analysar og vurderingar kring eigedomsmasse og bankengasjement
  • Bidra til fellesskapet ved å ta ansvar for eige arbeid, dele kompetanse og hjelpe andre i teamet.


Me ynskjer at du:

  • Har noko erfaring med drift eller utvikling av kommersiell eigedom
  • Har bakgrunn frå økonomi/ rekneskapsoppgåver, til dømes som controller
  • Har relevant høgare utdanning innan økonomi/rekneskap
  • Er oppdatert på digitale løysingar 
  • Er ein kommersiell hjerne som likar å vere i kontakt med nye og eksisterande leigetakarar, er serviceorientert og god på kundeoppfølging
  • Er ein sjølvstendig lagspelar


Me tilbyr:

  • Ein spanande arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver
  • Kontorstad Sogn, med moglegheit til å jobbe frå alle banken sine kontor
  • Eit profesjonelt, godt og uformelt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for utvikling og kompetanseheving
  • Fleksibel arbeidstid
  • Konkurransedyktige vilkår, mellom anna svært gode pensjonsordningar


Har du spørsmål?

For spørsmål og meir informasjon om stillinga kan du kontakte Jon Gjerde, partner/rådgjevar i Visere på jon.gjerde@visere.no eller tlf 95844394. 

Send søknad med CV innen 1. april.

Om arbeidsgiveren

Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt område. Me kjenner lokalmarknaden vår og er ein nær medspelar for kundane våre, i tillegg til å tilby eit komplett produkt- og tenestespekter både for bedrifter og privatpersonar.

Sektor
Privat
Sted
5745 Aurland
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Eiendom
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

controller, eiendom, eiendomsportefølje, investering, leieavtaler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jon Gjerde
Stillingstittel
Partner i Visere
Mobil
95 84 43 94
Følg firma
271 følger dette firmaet

5745 Aurland

Annonseinformasjon

FINN-kode 345052952
Sist endret 2. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse