Inaktiv

Sommarjobb på Skjold

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb på Skjold
Frist
10.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg på Øverbygd - Skjold leir treng å tilsette sommarvikarar til oppgåver knytt til drift, som for eksempel klipping av plenar, rydding, osv.

Vi treng 2 sommarvikarar i perioden er frå 20. juni - 16. august.

Vi vil gjerne atdu gjer greie for kva for periodedu ønsker å jobbe i.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgaver

  • Målearbeid
  • Sommarvedlikehald på grøntanlegg og vegetasjonsrydding
  • Førefallande oppgåver

Kven ser vi etter?

For å jobbe hos oss må du vere:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjoner

  • Må vere fylt 16 år
  • Søkar med sertifikat kl. B er å føretrekke
  • Må kunne tryggingsklarerast

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar(kode 1138/1115), frå kr. 280 640- 401 900 brutto årleg lønni følgeStatleg lønnsregulativ

Om arbeidsgiveren


Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Skjold Leir 35, 9334 Øverbygd
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Forsvar og militær
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Håndverker / Hjelpearbeider
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

drift, vedlikehold, ferievikar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Arne Johansen
Stillingstittel
Områdeleiar
Telefon
48 89 84 51
Følg firma
3069 følger dette firmaet

Skjold Leir 35, 9334 Øverbygd

Annonseinformasjon

FINN-kode 344954583
Sist endret 11. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse