Inaktiv

Er du vår nye bioingeniør?

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Bioingeniør
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Fonna HF

Vil du jobbe i eit positivt, inkluderande miljø, med fagleg dyktige og hyggelige medarbeidarar?

Vi styrkar no bemanninga vår og håpar at DU vil søkje.

Oppstartdato snarast eller etter avtale. Stillinga inngår i rotasjon med 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg.

Laboratoriet Stord er ein del av Avdeling for Laboratoriemedisin, som eit av seks laboratorier i Helse Fonna. Vier eit akkreditert laboratorium med døgnkontinuerlig drift og utføreranalysearbeid innan medisinsk biokjemi og immunologi og transfusjonsmedisin.

Stord har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og har aktivitetar for barn og vaksne innan eiheil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godtutbygd skuletilbud. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/Flesland ogtil Stavanger. Det er også flyplass på Stord med kommunikasjon til Oslo.



Arbeidsoppgåver

  • Analysearbeid innan generell kjemi, hematologim koagulasjon og blodtypeserologi
  • Vedlikehald av analysemaskinane våre
  • Tapping av blodgivarar
  • Blodprøvetaking
  • Inngå i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Du beherskar norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring inn laboratoriearbeid vil vera ein fordel

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er strukturert, ansvarsbevisst og har gode samarbeidsevner
  • har høg arbeidsmoral og sterkt fagleg engasjement
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande miljø med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar
  • Varierende arbeidsoppgåver
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning
  • Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Tysevegen 64, 5416 Stord
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

bioingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ragnhild Pedersen
Stillingstittel
Funksjonsleiar - Laboratoriet Stord
Telefon
45 66 18 93
Følg firma
157 følger dette firmaet

Tysevegen 64, 5416 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 344941310
Sist endret 26. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse