Inaktiv

Sommarjobb/ekstrapersonell, Ørland

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb på Ørland
Frist
05.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg på Ørland søker etter 4 sommarvikarar/ekstrapersonell som skal sørge for at vedlikehald utomhus blir tatt hand om.

Vi har behov for 2 stk ekstrapersonell frå og med 15. april, og 2 stk sommervikar frå 23. mai.


Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på vår karriereside:www.forsvarsbygg.no/jobb.


Arbeidsoppgaver

  • Arbeidsoppgåvene vil vere relatert til utomhusdrift og kan for eksempel vere grasklipping, kratt- og skogrydding, planting og stelling av bed og parkanlegg.
  • Noko vedlikehaldsarbeid i bygg kan vere aktuelt, då primært malearbeid.

Kven ser vi etter?

For å jobbe hos oss må du vere:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjoner

  • Vi søker etter deg som trivast ute og som jobbar sjølvstendig og effektivt
  • Du må vere fylt 18 år og ha førarkort kl B
  • Må kunne autoriseras
  • Erfaring frå vedlikehald utomhus.
  • For 3 av stillingane er det nødvendig med maskinførarbevis eller dokumenter erfaring som maskinførar.

Vi tilbyr

  • For ekstrapersonellstillingane tilbys lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), frå kr.401 900,- - 418 500,- i brutto årleg lønn (ltr.32-36)i følgeStatleg lønnsregulativ, avhengig av kvalikfikasjonar
  • For sommervikarstillingane tilbys lønn som hjelpearbeidar (kode 1115) kr 401 900,- i brutto årleg lønn (ltr. 32) i følge Statleg lønnsregulativ

Om arbeidsgiveren


Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
7130 Brekstad
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Forsvar og militær
Stillingsfunksjon
Håndverker / Hjelpearbeider,
Driftsoperatør/vaktmester
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

ferievikar, drift, vedlikehold, gress

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Aage Tanem
Stillingstittel
Områdeleiar
Telefon
92 81 02 00
Følg firma
3068 følger dette firmaet

7130 Brekstad

Annonseinformasjon

FINN-kode 344939664
Sist endret 6. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse