Inaktiv

Sommarjobb på Porsangmoen

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb på Porsangmoen
Frist
19.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg i Finnmark treng sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift på Porsangmoen.
Det er strenge reglar for å kunne komme inn i leirane, og for å kunne tilsette vikarar må koronarestriksjonane vere oppheva til sommaren.
Vi vil tilsette 2-3 personari inntil 5 veker kvar innanfor perioden veke 26-33.Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.


Arbeidsoppgaver

  • Reingjering og filterskift på ventilasjonsanlegg
  • Malearbeid
  • Førefallande oppgåver
  • Kabeltrekking/elektroarbeid
  • Sommarvedlikehald på grøntanlegg og vegetasjonsrydding

Kven ser vi etter?

For å jobbe hos oss må du vere:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjoner

  • Må vere fylt 16 år

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 280 640,- - 401 900,- i brutto årleg lønn i følge Statleg lønnsregulativ.

Om arbeidsgiveren


Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
9709 Porsangmoen
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John Sigurd Hansen
Stillingstittel
Områdeleiar
Telefon
48 17 60 48
Følg firma
3074 følger dette firmaet

9709 Porsangmoen

Annonseinformasjon

FINN-kode 344933736
Sist endret 20. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse