Utløpt

Ønskjer du å bidra aktivt til tenesteutvikling i Bygland?

Arbeidsgiver
Bygland kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef oppvekst
Frist
10.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med - Skagerak Consulting AS

Ønskjer du å bidra aktivt til tenesteutvikling i Bygland?

Kommunalsjef oppvekst - Bygland kommune


I kommunalområde oppvekst tilbyr vi gode og framtidsretta tenester til våre barn og unge og har om lag 60 medarbeidarar på laget. Til kommunalområdet oppvekst ligg drift og utvikling av to skular og to barnehagar og samarbeid med interkommunalt barnevern. Det går no føre seg ein prosess for å samle tenester retta mot barn og unge innan kommunalområde oppvekst. Dette vil påverke ansvar og innhald i stillinga. Kommunalsjefen vil vere sentral i å utvikle tverrfagleg samarbeidskultur i ny organisasjonsmodell.

Til å leie kommunalområde oppvekst framover søker vi ein tydeleg, nytenkande og resultatbevisst kommunalsjef. Vi ønsker ein leiar som brenn for oppveksten til barn og unge og er ein pådrivar i utviklingsarbeid og fagleg fornying. Vi ser etter ein framoverlent, inspirerande og moderne leiar som lett handterer vekslinga mellom fokus på eige område og har eit godt sidesyn for andre tenester i kommunen. Som kommunalsjef oppvekst vil du ha gode moglegheiter til å påverke samfunnsutvikling og utvikle eige kommunalområde i samspel med andre kommunalsjefar, leiarar og nøkkelpersonell. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.


Ansvar og oppgåver

  • overordna ansvar for fagleg innhald, drift, resultat, økonomi og personal og å bygge felles organisasjonskultur i kommunalområde oppvekst
  • ansvar for den pedagogiske rådgjevinga og lovpålagde oppgåver
  • medansvar for heilskapleg styring og utvikling av kommunen på tvers av sektorar ·
  • gje fagleg støtte og rettleiing til leiarar
  • handtere styresmaktsoppgåvene som ligg til oppvekstsektoren
  • skrive og formidle saker for politiske utval
  • tilrettelegge for og gjennomføre av politiske avgjerder
  • strategisk utvikling og leiing av endringsprosessar
  • representere kommunen i samarbeidet med nabokommunar, fylkeskommunale og statlege organ

Kvalifikasjoner

  • relevant høgare utdanning, helst på masternivå og gjerne vidareutdanning innan leiing
  • leiarerfaring, gjerne frå oppvekstfeltet; skule, barnehage eller anna pedagogisk verksemd
  • god økonomiforståing og erfaring med økonomistyring
  • kjennskap til offentlege avgjerdsprosessar og samspelet med folkevalde er ønskeleg

Personlige eigenskapar

  • open og ærleg, ein tillitsskapande og samlande leiar
  • resultatorientert med utprega gjennomføringsevne og engasjement
  • samarbeidsorientert, ein som ser verdien av å samarbeide på tvers av sektorar og fagfelt
  • opptatt av å søke og ta i bruk ny kunnskap
  • Du er omgjengeleg og likefram, kommunikativ og flink med folk.
  • Du stiller opp, viser mot og klokskap i krevjande situasjonar.
  • Du er representativ og trygg på ulike interne og eksterne arenaer.
  • Du bidrar med energi og godt humør!

    Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • ei attraktiv leiarstilling i ein kommune med ambisjonar
  • gode moglegheiter for å påverke tenesteutviklinga i Bygland og sikre god samfunnsutvikling til det beste for innbyggjarane
  • utfordrande og spennande prosjekt i samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • eit triveleg og utviklingsorientert arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • godt engasjement i bygdene for å byggje sterke lokalsamfunn
  • gode pensjons- og forsikringsvilkår, lønn etter avtale



Ønsker du å vite meir om stillinga? Ta gjerne kontakt med ein av rådgjevarane våre i Skagerak Consulting, Anne Hilde Hals, tlf. 982 13 005 eller Øyvind Drangsland, tlf. 918 32 891. Kommunedirektør John Salve Sigridnes kan òg kontaktast, tlf. 990 94 663.

 

-------------------------------------------------------------------------

Som for alle andre offentlege stillingar, vil det for denne stillinga bli utarbeidd ei søkarliste som gjev informasjon om namn, kjønn, kommune og alder på alle som søker på stillinga. Denne søkarlista vil i utgangspunktet ikkje bli sendt ut, men vil vere offentleg og derfor tilgjengeleg for alle som ber om innsyn. Det er mogleg å søke om å sleppe å stå på den offentlege søkarlista, men krava er strenge. Ønsker du at namnet ditt ikkje skal stå på denne lista, må du krysse av og grunngje dette i det elektroniske søknadsskjemaet. Dersom søknaden ikkje blir innvilga, vil du få moglegheit til å trekke deg frå prosessen.

For å unngå bedrageriforsøk, vil vi presisere at vi aldri ber om BankID-informasjon i søknadsprosessen.

Skagerak Consulting AS er eit unikt, tverrfagleg rådgjevingsmiljø. Vi jobbar med å utvikle menneske og organisasjonar for å skape varige forbetringar og verdiar i offentlege og private verksemder. Arbeidet vårt er basert på kombinasjon av dokumentert metodikk, praktisk erfaring og ein god porsjon sunn fornuft. Les meir om Skagerak Consulting AS på skc.no. Følg oss gjerne på LinkedIn dersom du ønsker å halde deg oppdatert på stillingane vi legg ut.

Om arbeidsgiveren

Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplassar der kommunen sine verdiar stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland er omstillingskommune. Kommunen har nynorsk som offisiell målform.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Sentrum 18, 4745 Bygland
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

oppvekst, kommunalsjef, Skoleledelse, barnehageledelse, leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Hilde Hals
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
98 21 30 05
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Øyvind Drangsland
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
91 83 28 91
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2862 følger dette firmaet

Sentrum 18, 4745 Bygland

Annonseinformasjon

FINN-kode 344918329
Sist endret 20. mar. 2024 10:46

Rapporter annonse