Inaktiv

Resepsjonist- og bookingmedarbeider til Myrkdalen Hotel

Arbeidsgiver
Norway's best AS
Stillingstittel
Resepsjonist- og bookingmedarbeider
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Norway's best AS

Er du genuint glad i folk, fjell og gode gjesteopplevingar?

Norway’s best AS, avdeling Myrkdalen Hotel er på søk etter ein medarbeidar til vår resepsjon og booking team i ein 100% fast stilling.

Myrkdalen Hotel er meir enn berre eit hotell. Me er ein fjelldestinasjon med mange aktivitetar og arrangement som går gjennom alle sesongar med eit bredt kundesegment.

På Myrkdalen Hotel blir du ein del av eit engasjert og kunnskapsrikt team, og du blir ein synleg person i vårt velkomstteam som står i front for at gjestene får ei oppleving av noko meir enn berre ei overnatting. Saman med oss vil du vera ein del av eit stort miljø i Norway’s best Konsernet som består av fleire hotell og destinasjonar, og spennande moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.

Vi er no på søk etter deg som er et naturlig vertskapstalent, du trivest i reiselivsbransjen og er genuint oppteken av å yte god service. Vi tror du er en person med erfaring fra liknende roller, gjerne innenfor reiseliv eller service. Du er selvsagt vant til PC som arbeidsverktøy, har greie på Microsoft pakken og er generelt god på å sette deg inn i nye systemer. Som person er du åpen, vennlig og ekte i dine møter med kollegaer og gjester.

Ansvarsområder og arbeidsoppgåver:

  • Behandle booking førespurnader for hotell, hytter og leilegheiter
  • Kundehandtering ved både sentralbord og resepsjon
  • Oppfølging turoperatør for bookingar av overnatting og aktivitetar for individuelle
  • Oppfølging av reservasjon, kundar og gjester
  • Bidra til god intern informasjonsflyt på hotellet
  • Bidrar til et godt og trygt arbeidsmiljø

Me søkjer deg som:

  • Har erfaring innan reiseliv – gjerne booking/sal/kurs & konferanse
  • Fagbrev innan reiseliv/resepsjon eller liknande vil vere ein fordel men er ikkje eit krav
  • Har gode IT kunnskapar og erfaring med hotellsystem
  • Kommuniserer godt på Norsk og Engelsk
  • Er opptatt av kvalitet og personleg service
  • Likar å jobbe strukturert og målretta
  • Tar initiativ og ser løysingar

Kva me kan tilby

Ei spanande stilling i et ambisiøst selskap med eit stort mangfald i både aktivitet og menneske. Du vert ein del av eit stolt kollegium i eit av Norges leiande reiselivsbedrifter, der me legg til rette for både personleg og fagleg utvikling. Våre reisemål er omgitt av spektakulær natur, med store moglegheiter for fritidsaktivitetar.

Nokre av våre gode:

  • 100% fast stilling
  • Lønn etter riksavtalen
  • Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
  • Kurs og fagleg oppdatering
  • Rabatt på overnatting og servering på alle våre hotell
  • Skikort i Myrkdalen
  • Tilgang til treningsrom i Flåm
  • Rabatt og tilbod på Norway’s best produkt og aktivitetar

Tiltreding: Snarest etter avtale

Arbeidssted: Myrkdalen Hotel, Myrkdalen

Søknadsfrist: fortløpande


Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hardanger og Lofoten. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som i 2019 hadde ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50% av Flåmsbana og 50% av The Fjords. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
5713 Vossestrand
Bransje
Event og arrangementer,
Hotell og overnatting,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Hotell og overnatting / Booking,
Hotell og overnatting / Konferanse,
Hotell og overnatting / Resepsjon
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

Kundeservice, Hotell, Administrasjon, Booking, Reiseliv

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sandra Hoff
Stillingstittel
Teamleader
Telefon
56 52 30 48
Følg firma
106 følger dette firmaet

5713 Vossestrand

Annonseinformasjon

FINN-kode 344915229
Sist endret 26. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse