Utløpt

Er du ein erfaren montør med mekanisk/plast-bakgrunn klar for å ta neste steg i karrieren?

Arbeidsgiver
Østerbø Solutions AS
Stillingstittel
Arbeidsleder plast/mekanisk
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Er du ein erfaren montør med mekanisk/plast-bakgrunn klar for å ta neste steg i karrieren?

Østerbø Solutions søker serviceinnstilt og ansvarleg arbeidsleiar mekanisk/plast til satsinga vår på PE-plastsveis. Du skal leie arbeid på anlegg med oppfølging av arbeid, personell, oppfølging sveisedokumentasjon, HMS og kvalitet. Ta del i plastsveising av rør og plater i ulike dimensjonar både lokalt i Østerbø-området og hos kunde. 

I Østerbø jobbar vi mykje mot havbruk og industri og har eit sterkt tverrfagleg elektromekanisk fagmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte. Vi jobbar tett med faste kundar og ønsket vårt er å tilpasse produktet i lag med dei. Vi skreddarsyr litande løysingar, så hos oss kan du komme borti dei verkeleg unike og spesielle prosjekta. Vi satsar på tyngre PE konstruksjonar som flytande lukka/semilukka havbruk samt landbasert oppdrett og bygger eit sterkt fagmiljø rundt dette.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsleiar for monteringsjobbar på anlegg – hovudsakleg landbasert oppdrett
  • Koordinering av arbeidsteam og kvalitet på byggeplass
  • Plastsveis av PE-rør ekstruder, muffe og speil
  • Utføre mekanisk service og produktvedlikehald
  • Reise ut på monterings- og serviceoppdrag

Hos oss jobbar du både sjølvstendig og som del av eit team med sveisarar, montørar, ingeniørar og elektrikarar. Vi jobbar kvar dag med å levere litande løysingar til kundane våre.

Ønska Kvalifikasjonar

Kjenner du deg att i noko av dette? Send oss ein søknad

  • Fagbrev innan industrirørleggarfaget eller plastmekanikarfaget, eventuelt mekanisk bakgrunn
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid på landbasert anlegg, jobba med PE-røyr og PE sveising, men ikkje krav
  • Fint om du har montasjeerfaring av alt frå smått til stort utstyr (pumper, vekslarar, prosessutstyr osv.)
  • Gjerne rigg-erfaring
  • Fordel med erfaring frå koordinering av arbeidsteam og oppfølging av kvalitet og HMS ute på byggeplassar
  • Du er god til å delegere arbeid, er løysningsorientert og ikkje redd for å ta i eit tak
  • Handterer hektiske periodar på ein god måte
  • Flytande norsk som arbeidsspråk, samt god i engelsk
  • Du er MOTIVERT for å levere litande løysingar!
  • Førarkort kl B 
  • Sertifikat for truck, lastebil, eller kran er ein fordel

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling
  • Konkurransedyktig løn
  • Sertifisering i bruk av utstyr og opplæring
  • Oppmøteplass Østerbø, stor reiseverksemd må påreknast
  • Gode reise-, kost- og losjiordningar ved reiseoppdrag
  • Tilpassa reise- og friordning
  • Gode karrieremulegheiter for den rette kandidaten
  • Velutstyrt verkstad og nytt administrasjonsbygg
  • Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling

Velkommen som søkjar til i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida. 

Om arbeidsgiveren

Frå me starta opp i 1977 så er det dette det har handla om. Løysingane. Dei litande løysingane. Gjennom snart 50 år har me vore ein praktisk problemløysar for havbruk, industri, offshore, landbruk, bygg og anlegg og offentlege.
Me har skapt nye produkt, sett nye måtar å gjere ting på, levert gode tenester.
Me har sikra sjukehus og flyplassar med reservekraft, berekna og installert straum til heim og industri. Me har utforma heilskaplege løysingar til landbasert oppdrett og havbruk.
Me har rett og slett funne smarte løysingar på kundane sine utfordringar i snart 50 år. Litande løysingar både heilt lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

To gründer-bedrifter, Østerbø Maskin AS og Meland Elektro AS, har blitt eitt. No under felles namn som Østerbø Solutions AS. Østerbø er og skal framleis vere ein leiande leverandør av sikker strømforsyning og smarte løysingar til kundar innan havbruk, industri og det offentlege. Litande løysingar.

Det er dette vi alltid har jobba med og dette vi framleis skal jobbe med. Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse. Velkommen med på laget!

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Sørebøvegen 378, 5962 Bjordal
Bransje
Fiskeri og oppdrett,
Håndverkstjenester,
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Håndverker / Rørlegger,
Ledelse

Nøkkelord

formann, industrirørlegger, pe rør, plastsveis, aquakultur

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Martin Lio
Stillingstittel
Prosjektansvarleg plast
Mobil
93 84 26 37
Følg firma
59 følger dette firmaet

Sørebøvegen 378, 5962 Bjordal

Annonseinformasjon

FINN-kode 344912973
Sist endret 1. mai 2024 11:28

Rapporter annonse