Inaktiv

Ønsker du nye utfordringar?

Arbeidsgiver
Brønnøysundregistrene
Stillingstittel
Vikariat som gruppeleiar i registerdrift
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Brønnøysundregistrene

Vikariat som gruppeleiar i registerdrift

Om stillinga

Seksjon registerdrift har ansvaret for saksbehandling og kontroll, rettleiing av brukarar og manuell tilgjengeleggjering for samtlege av dei 17 registera vi forvaltar. Seksjonen har ca. 160 medarbeidarar, delt på 5 grupper.

Vi søker etter deg som er ein tydeleg og profesjonell gruppeleiar som inspirerer dei tilsette og gir dei tillit, ansvar og handlingsrom.

Stillinga er eit vikariat for 1 år med moglegheit for forlenging.


Arbeidsoppgåver

  • personal- og produksjonsleiing
  • leie medarbeidarar i ein organisasjon i endring
  • bidra til at seksjonen leverer god kvalitet på dei produksjonsmåla vi har sett
  • oppfølging av dagleg drift

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • bachelor- eller masternivå, gjerne innan økonomiske, administrative eller leiingsfag. Realkompetanse med særskild relevans for stillinga kan kompensere for noko av utdanningskravet.
  • leiarerfaring, gjerne innan endringsleiing og/eller offentleg forvaltning

Personlege eigenskapar

  • du inspirerer medarbeidarane dine til å nå mål, løyse oppgåver og utfordringar                      
  • du har evne til å skape resultat og stå fram som ein tydeleg leiar
  • du klarer å følge opp og gi medarbeidarane jamnlege tilbakemeldingar
  • du bygger relasjonar basert på openheit, tillit og involvering
  • du har god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk
  • det er fint om du også er nysgjerrig på bruken av digitale løysingar og ny teknologi

Dette får du hos oss

  • interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og fritid
  • gode velferdsordningar i alle livsfasar og moglegheit for trening i arbeidstida ·
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • moderne kontorlokale med fantastisk utsikt. Sjå den flotte arbeidsplassen vår og byen vi bur i, på Havnegata48 (https://www.havnegata48.no/).
  • hjelp med å skaffe bustad

Stillinga er et vikariat og du blir tilsett som kontorsjef med årslønn frå kr 635 400 - 777 900, avhengig av kvalifikasjonane dine. Prøvetida er seks månader.

Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar med behov for jobb kan vi formidle kontakt med desse.


Inkludering og mangfald er viktig for oss

Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju


Bu i Brønnøysund

Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr - uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.


Verd å merke seg før du søker

Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.

For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet).


Ta gjerne kontakt

Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med Karianne O. Warholm tlf. 976 65 429.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf.: 75 54 22 20 eller e-post: kundeservice@jobbnorge.no


Om arbeidsgiveren

Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer kontakten med det offentlege enklare for alle. Vi driv mange av landet sine viktigaste register og har 430 medarbeidarar.
Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også medarbeidarar i Narvik og Oslo.

Sektor
Offentlig
Sted
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
Bransje
IT,
Organisasjoner,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
124 følger dette firmaet

Havnegata 48, 8910 Brønnøysund

Annonseinformasjon

FINN-kode 344903494
Sist endret 8. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse