Utløpt

Austevoll ungdomsskule søkjer etter lærar i 100% fast stilling til hausten! Er du vår nye kollega?

Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Lærar

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 150 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Arbeidsstad

Austevoll ungdomsskule held til i nye flotte lokalar på Eidsbøen, like ved kommunesenteret Storebø. Vi legg vekt på eit godt samarbeid for å skape gode relasjonar til elevar, tilsette og føresette. Vi er ein MOT-skule og utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Vi får tilbakemeldingar på at vi har eit godt elev- og arbeidsmiljø og er ein skule som er utviklingsorientert.  Skulen har i dag ca 45 tilsette og 250 elevar fordelt på 8.-10.trinn.


Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Kontaktlærar
  • Faglæraroppgåver
  • Arbeide i team med pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeuter
  • Følge opp elevar med særskilte behov
  • Delta og engasjere seg i heile skulens arbeid og utvikling
  • Bidra til å skape eit godt skulemiljø

Kvalifikasjonskrav

Kvalifikasjonar

  • grunnskulelærar GLU 5-10 eller anna godkjent utdanning for undervisning i ungdomsskulen
  • ha utdanning innanfor basisfaget engelsk
  • ønskeleg med kompetanse i eit eller fleire av desse faga; kunst- og handverk, mat & helse, arbeidslivsfag og kroppsøving
  • ønskeleg med utdanning og/eller erfaring med spesialpedagogikk
  • har du anna relevant bakgrunn blir du også oppfordra til å søke
  • positivt med undervisningserfaring frå ungdomsskulen
  • vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, vere inkluderande, ha pedagogisk engasjement og evne til nytenking
  • vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar og kan bruke IKT som naturleg arbeidsverktøy
  • ha god skriftleg og munnleg kunnskap i norsk
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi krev gyldig politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing.


Vi tilbyr

  • 100% stilling som lærar, fast og vikariatstilling
  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spennande utfordringar i ein utviklingsorientert skule
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr. pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med flinke og samarbeidsvillige kollegaer
  • Søkjarar som ikkje er kvalifiserte til lærarstilling, kan bli tilsett midlertidig i eit år

For å betre kjønnsbalansen på arbeidsplassen vil vi oppmode menn til å søke

Søknadsfrist 02.april 2024


Slik søkjer vi

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Det er og mogeleg å sende mail med søknad til anne.marie.njastad@austevoll.kommune.no 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.


Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!  
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!Austevoll ungdomsskule held til i nye flotte lokalar på Eidsbøen, like ved kommunesenteret Storebø. Vi legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi er ein MOT-skule og utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Vi får tilbakemeldingar på at vi har eit godt elev- og arbeidsmiljø og er ein skule som er utviklingsorientert.  Skulen har i dag ca 45 tilsette og 250 elevar fordelt på 8.-10.trinn. 

Sektor
Offentlig
Sted
Kleivhaugen 2, 5392 Storebø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anders Hjelle
Stillingstittel
Rektor
Telefon
92 01 45 51
Følg firma
76 følger dette firmaet

Kleivhaugen 2, 5392 Storebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 344826450
Sist endret 19. mar. 2024 14:34

Rapporter annonse