Inaktiv

Kan du mykje om korleis me kan redusere forureining sin påverknad på naturen?

Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Rogaland
Stillingstittel
Rådgivar - forureining
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med STATSFORVALTAREN I ROGALAND

Rådgivar/seniorrådgivar - forureining

Om stillinga

Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Vi arbeider med naturvern, naturforvaltning, forureining, uttalar til energilovsaker og regionale og kommunale planar etter plan- og bygningslova.

Statsforvaltaren i Rogaland skal gjennom dialog og skriftlege uttalar, formidle styringssignal og nasjonale forventningar til kommunale og fylkeskommunale planar. Vi skal også samordne våre uttalar med andre statlege regionale instansar. 

Avdelinga har 33 tilsette med stort engasjement for miljø, natur, klima og plan, og desse er inndelt i to fagområde med kvar sin fagleiar, fagområde natur og fagområde forureining. 

Miljøvernavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan forureining.

 


Arbeidsoppgåver

Du skal handsame saker etter forureiningslova av søknadar om utsleppsløyve og rettleie verksemder, kommunar og innbyggjarar.  

Arbeidsoppgåvene er saksbehandling og tilsyn etter forureininglova og andre relevante lovverk. Relevante fagfelt for denne stillinga vil vere:

  • Næringsmiddelindustri med organiske utslepp
  • Avløpssystem

Kvalifikasjonskrav

Du er ein person med interesse og engasjement for miljøet, og trivst med tverrfagleg arbeid. 

Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som  

  • har relevant utdanning på mastergradsnivå med fagleg tyngde innan miljøteknologi, vass- og avløpsteknologi, biologi, kjemi eller andre realfag. Utdanning på lågare nivå kan kompenserast med relevant realkompetanse frå offentleg forvaltning/industri. 
  • kjennskap til forureiningsregelverket og GIS/kartkompetanse er ein fordel
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • du har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
  • du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne
  • du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt

Personlege eigenskapar blir vektlagt.


Spørsmål om stillinga

Du får nærare opplysningar hos fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen tlf. 51568936/92249043,  marit.bendixen@statsforvalteren.no eller ass. fylkesmiljøvernsjef Cathrine Stabel Eltervåg, tlf. 51568915/98676987, cathrine.eltervag@statsforvalteren.no


Vi tilbyr

  • lønn som rådgivar, kr 590 000 - kr 680 000 pr år, lønn som seniorrådgivar kr 600 000 - 740 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse 
  • gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk
  • nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
  • varierte, interessante og viktige oppgåver
  • triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
  • trening i arbeidstida
  • HjemJobbHjem-ordning

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden. 


Andre opplysningar

Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrivne i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.


Korleis er det å arbeide hjå Statsforvaltaren? 

Statsforvaltaren har oppgåver innan ulike fagområde og ansatte med forskjellige utdanninger. Her kan du møte Elisabeth som arbeider med miljøvern hos Statsforvaltaren.


Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket. Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette

Sektor
Offentlig
Sted
Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Vann- og miljøteknikk,
Saksbehandler,
Ingeniør / Kjemiingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Sundsvik Bendixen
Stillingstittel
Fylkesmiljøvernsjef
Telefon
92 24 90 43
Kontaktperson
Cathrine Stabel Eltervåg
Stillingstittel
ass. fylkesmiljøvernsjef
Telefon
92 24 90 43
Følg firma
423 følger dette firmaet

Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 344814678
Sist endret 8. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse