Inaktiv

Vil du være med å formidle kunnskap om mikrokontrollere og elektronikkutvikling? Vi søker overingeniør i elektronikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Stavanger
Stillingstittel
Overingeniør i elektronikk
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Stavanger

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som  overingeniør i elektronikk ved laboratoriet knytt til Institutt for data- og elektroteknologi.

Stillinga er ledig frå 1. august.

Den som blir tilsett skal bidra med god og relevant rettleiing både for studentar og tilsette. Arbeidsoppgåvene er svært varierte og inkluderer samarbeid på tvers av avdelingar i eit internasjonalt miljø. Me ønskjer ein nysgjerrig person som følgjer med i fagområdet, og som ønskjer vidareutvikling både for seg sjølv og aktiviteten vår.


Hovudoppgåver

  • rettleiing av studentar i lab- og prosjektoppgåver 
  • bidra i utvikling av laboratorieoppgaver 
  • utvikling og vedlikehald laboratorieutstyr og infrastruktur

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning på minimum bachelor-nivå innanfor elektronikk 
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det vil vera ein fordel å ha erfaring innanfor:

  • utvikling med mikrokontrollar/C-programmering 
  • kretsskjemadesign og kretskortutlegg 
  • drift og vedlikehald av laboratorieutstyr 
  • instruksjon/rettleiing

Vidare blir det lagt vekt på at du: 

  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar i arbeidet

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • nødvendig kurs og kompetanseheving
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1087, kr 600 000 - 700 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar (https://www.uis.no/nb/ny-ved-uis) på våre nettsider

Mangfald

Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.  

På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar. 

Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.   

Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.

Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her (https://www.uis.no/nb/om-uis/jobb-ved-uis-sokeprosessen#/).

Universitetet vil rekruttera fleire kvinner til avdelinga og oppmodar derfor spesielt kvinner til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.


Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25 (https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§25). Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. 

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.


Om arbeidsgiveren

Institutt for data- og elektroteknologi ved Universitetet i Stavanger utfører forsking innan datateknologi, data science, kybernetikk, signalbehandling og medisinsk teknologi. Instituttet er også vert for forskingsnettverket Stavanger AI Lab, og tilbyr bachelor- og masterutdanning innan elektroteknikk, datateknologi og data science, kybernetikk og robotteknologi og signalbehandling og medisinsk teknologi. I tillegg blir Phd-utdanning tilboden innan desse fagområda. Det er for tida 70 tilsette, inkludert stipendiatar, forskarar og postdoktorar, og 900 studentar ved instituttet.

Sektor
Offentlig
Sted
Ullandhaug, 4021 Stavanger
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Undervisning og pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ståle Freyer
Stillingstittel
Laboratorieleder
Telefon
51 83 20 19
Kontaktperson
Rosa Andrade
Stillingstittel
HR-rådgiver
Telefon
51 81 11 91
Følg firma
1159 følger dette firmaet

Ullandhaug, 4021 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 344804657
Sist endret 22. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse