Utløpt

Avdelingsleiar SFO

Arbeidsgiver
Bergen kommune
Stillingstittel
Avdelingsleder SFO Garnes skule
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bergen Kommune

Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal og vil ha ca 320 elevar skuleåret 2024/25 med omlag 130 born på SFO. Det er ca 50 tilsette på skulen,12 av dei jobbar på SFO. Skulen sitt leiarteam består av rektor og fire avdelingsleiarar - tre på skule og ein på SFO. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord. Vi har både båt og kano i skulen si eige. Du finn oss berre 15 minutt med tog+buss frå Bergen sentrum, eller ca 20 minutt med bil frå Nesttun eller Åsane.

Skulen er sertifisert som Olweusskule, og har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring.På Garnes skule jobbar vi for å utvikle profesjonelle læringsfellesskap som samarbeider for at elevane skal få opplæring i tråd med læreplan, rammeplan og lovverk. Dei tilsette opplever eit raust og fleksibelt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta med psykologisk tryggleik.

På Garnes skule har vi høgt engasjement for inkluderande opplæring. No samarbeider vi med PPT og NLA om eit inkluderande læringsmiljø. Inkludering er vår måte å arbeide med elev- og læringssynet i rammeplan for SFO, elevmedverknad og aktive og motiverte elevar som får kjenne på meistring i skule og på SFO.

Garnes skule søker ein SFO-leder som brenn for å gi barn omsorg, trivsel og tryggleik gjennom eit stimulerandre fritidstilbod. Vi søker deg som har erfaring med å inspirere og utvikle ei personalgruppe. Avdelingsleiar SFO skal i samarbeid med resten av leiarteamet, legge til rette for kompetanseutvikling, skape system og rutinar og gi tilgang til verktøy som hjelper vaksne å utvikle barn sin sosiale og emosjonelle kompetanse.


Arbeidsoppgåver

  • Leie og inspirere personalet på SFO
  • Leie og følgje opp pedagogisk utviklingsarbeid i tråd med Rammeplan for SFO
  • Være til stades som ein del av bemanninga på SFO i ca 50% av stillinga
  • Bidra til godt samarbeid med foreldre
  • Personalansvar på eigen avdeling
  • Administrativt ansvar
  • Delta i og bidra til å utvikle profesjonelle læringsfellesskap på skulen

Kvalifikasjoner

  • Barnehagelærerutdanning eller tilsvarande relevant pedagogisk utdanning
  • Tilleggsutdanning i leing og/eller organisasjonsutvikling er ein fordel
  • Relevant leiarerfaring er ønskeleg
  • God kjennskap til Rammeplan for SFO, og implikasjoner for arbeidet på SFO
  • Gode IKT-kunnskaper. Kjennskap til Vigilo, BK360 og UBW er ein fordel

Personlege eigenskapar

Vi søker etter en avdelingsleiar som:

  • Er god på å skape relasjoner, er ein lagspelar og er åpen og påliteleg
  • Har gode evner til å samarbeide, lytte, rettleie, inspirere og setje grenser
  • Er til stades for elevar, tilsette og foreldre
  • Kan planlegge og leie utviklingsarbeid, og har engasjement for implementering av Rammeplan for SFO
  • Kan arbeide systematisk, langsiktig og strategisk med utviklingsområder ogresultatoppfølging
  • Er raus og fleksibel
  • Er strukturert, og set pris på å lage tabellar og planar

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø med motiverte, løysingsorienterte og fagleg engasjerte medarbeidarar
  • Du blir del av eit leiarteam med høg psykologisk tryggleik og fire engasjerte leiarkollegaar
  • Fleksibel arbeidsdag med høgt tempo
  • Rammer som tilrettelegg for reelle høve til å være tett på si avdeling
  • Høve for leiarutdanning

Om arbeidsgiveren

Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.

Sektor
Offentlig
Sted
Øvre Seimsmark 52, 5264 Garnes
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Førskolelærer,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synnøve Hjertaker
Stillingstittel
Rektor
Følg firma
5735 følger dette firmaet

Øvre Seimsmark 52, 5264 Garnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 344739798
Sist endret 18. mar. 2024 19:46

Rapporter annonse