Inaktiv

Øvings- og beredskapsmedarbeidar

Arbeidsgiver
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Stillingstittel
sivilforsvarsadjutant
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Sivilforsvaret har ledig stilling som øvings- og beredskapsmedarbeidar i Sør-Trøndelag sivilforsvarsdistrikt. Vi ser etter deg som er interessert i samfunnstrygging generelt og ønskjer å bidra til å vidareutvikle beredskapen i Sivilforsvaret spesielt. Du er sjølvstendig, strukturert og ein lagspelar som skal leggje til rette for samvirke mellom beredskapsaktørane i Trøndelag. Di hovedarbeidsoppgåve blir å planleggje, gjennomføre og evaluere øving og trening av dei tenestepliktige i distriktets avdelingar. Vidare bidreg du til å løyse heilskapen i distriktets oppgåver.

Du skal

  • planleggje, koordinere og gjennomføre øvingar og opplæring i distriktet
  • leie og sikre gjennomføring av beredskapskontroll av materiell i samband med øvingar
  • ta del i opplæring av tenestepliktige
  • inngå i vaktordninga i distriktet

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant årsstudium frå høgskule, teknisk fagskule eller relevant fagbrev. Særleg erfaring kan kompensere for kravet til utdanning. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av NOKUT
  • erfaring frå instruksjon og opplæring
  • god muntleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
  • erfaring med digitale verktøy
  • førarkort klasse B
  • følgjande personlege eigenskapar
    • sjølvstendig
    • strukturert
    • lagspelar
    • tillitsskapande
    • gode kommunikasjonsevner

Vi ønskjer at du har:

  • relevant arbeidserfaring innanfor planlegging av opplæring, øvingar og trening
  • førarkort BE, C1E, D1E, truckførarbevis
  • erfaring med beredskapsarbeid
  • erfaring frå leiiing
  • erfaring med Sivilforsvaret eller andre relevante beredskapsaktørar

Vilkår

Fast stilling som sivilforsvarsadjutant 0331, med årslønn frå kr 557 100-615 700 (lønstrinn 57-63).

Tryggingsklarering

Den som får tilbod om stillinga må vere tryggingsklarert til nivå H før tiltreding.

Om Sivilforsvaret, distriktet og stillinga

Sivilforsvaret ligg under Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), og har som hovudoppgåve å verne sivilbefolkninga i fred, krise og krig. Ved større hendingar i fredstid hjelper Sivilforsvaret nød- og beredskapsetatane. I store kriser og krig har Sivilforsvaret oppgåver knytt til varsling, tilfluktsrom, evakuering og vern av befolkninga. Sivilforsvarsstyrken består av ca 8 000 tenestepliktige fordelt på 20 distrikt som blir leidd av distriktssjefar. I tillegg til dei tenestepliktige, har distrikta fast tilsette.

Sør-Trøndelag Sivilforsvarsdistrikt held til i Trondheim og skal vere 10 tilsette. Området dekkjer dei noverande 19 kommunane i den sørlege delen av fylket. Det er omfattande samarbeid med nødetatane (Politi, brann og helse), men også med statsforvaltar, kommunar, frivillige, forsvaret og andre aktuelle verksemder. Distriktet har 560 tenestepliktige med 31 operative avdelingar med tenestepliktige mannskapar og befal busett i heile fylket. Distriktskontoret ligg i Trondheim. Som tilsett skal du sørgje for at avdelingane gjennom opplæring, årlege øvingar og materielltilsyn, er i stand til å løyse sine oppgåver.

Som øvings- og beredskapsmedarbeidar i Sør-Trøndelag Sivilforsvarsdistrikt får du ei viktig rolle i å øve og trene sivilforsvarsavdelingane. Di hovudarbeidsoppgåve blir å planleggje, gjennomføre og evaluere øving og trening av vårt tenestepliktige personell. I dette kan det inngå innkalling, oppfølging, utløning og sakshandsaming av tenestepliktig mannskap. Du må vente deg å gjennomføre nødvendig intern opplæring for å kunne løyse dine arbeidsoppgåver. Tilsette i Sivilforsvaret må vere fysisk og psykisk skikka til å vere i beredskap og ta del i øvingar og innsatsar. Ved større hendingar må du vere innstilt på å stille på jobb på kort varsel, og du må rekne med arbeid utanom ordinær arbeidstid. Distrikta har vaktordningar der enkelte medarbeidarar går i vaktturnus. Du må vente deg noko reiseverksemd. Sivilforsvaret nyttar uniform som arbeidsantrekk.

For meir informasjon om Sivilforsvaret, se www.sivilforsvaret.no

Om DSB
DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.

Hos oss får du

  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
  • fleksibel arbeidstid
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise

Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova §25.

Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du viser både i søknadsbrevet og CV-en korleis kompetansen din oppfyller kvalifikasjonskrava som står i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet. Dette gir ein strukturert CV og sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg ber vi om at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. Vi tar imot søknader på begge målformar. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk før tilsetting. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.

Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er

fungerande distriktssjef Erik Klomsten: |e-post eirk.klomsten@dsb.no|telefon 72 56 50 06.

Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no. Velkomen som søkjar hos oss!



Om arbeidsgiveren

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarhet i samfunnet. Vi skal være pådriver i arbeidet med å forebygge ulykker, kriser og andre uønskede hendelser, og skal sørge for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehåndtering. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Sorgenfriveien 11, 7031 Trondheim
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Sikkerhet,
Annet

Nøkkelord

øvelse, samfunnssikkerhet, beredskap, opplæring, materiell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik Klomsten
Stillingstittel
fung. distriktssjef
Telefon
72 56 50 06
Følg firma
1595 følger dette firmaet

Sorgenfriveien 11, 7031 Trondheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 344682681
Sist endret 2. apr. 2024 22:36

Rapporter annonse