Inaktiv

Er du den nye Kultursjefen i Hemsedal?

Arbeidsgiver
Hemsedal kommune
Stillingstittel
Kultursjef
Frist
15.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Hemsedal kommune har ledig 100% stilling som kultursjef frå 01.08.2024.

Me kan tilby eit inspirerande kulturmiljø prega av godt samarbeid mellom dyktige fagfolk. Kultursjefen vil vera sentral i utviklinga av Hemsedal sitt kulturliv framover.

Hemsedal er ei bygd med stor tilflytting, og på mange måtar ein smeltedigel. Mange tilflyttarar er unge. Miljøet er levande, nokon vil seie urbant. Samtidig står kulturarven sterkt i bygda. Kultursjefen er ein viktig ressursperson, og kan ha stor påverknad på retninga kulturlivet i bygda tek.

Kultursjefen er plassert under kommunalsjef for oppvekst og kultur. Til verksemda ligg 5,5 årsverk fordelt på einingane kulturskolen, bibliotek og ungdomsklubben.  


Dine oppgåvar og ansvar

-         Overordna ansvar for kultur i kommunen. Du vil bli leiar for biblioteksjef, kulturskulerektor og leiar av ungdomsklubben

-         Forvalte tilskotsordning for lag- og organisasjonar

-         Bidra til tverrfagleg samarbeid med t.d. skule, helse, næringsliv, landbruk, kyrkja

-         Forvaltning av spelemidlar og rådgjeving

-         Vidareutvikle samarbeidet mellom kommunen og frivillige lag/organisasjonar, idretten og Hemsedal frivilligsentral.

-         Legge til rette for arbeid med lokal historie, dialekt og identitet

-         Kommunale kulturplanar, slik som utarbeiding av kultur- og kulturminneplan. 

-         Sikre utgreiingar på kulturfeltet og utforme gode saksframlegg til politikarane.

-         Delta i regionalt samarbeid.

 

Kvalifikasjonar

-         Relevant høgare utdanning

-         Erfaring med administrasjon, økonomi- og personal.

-         Erfaring frå offentlig/kommunal sektor vil bli vektlagt

-         Erfaring med kunst- eller kulturarbeid

-         God munnleg og skriftleg framstillingsevne

 

Personlege eigenskapar

-         Du er ein trygg og tydeleg leiar, som trivst med å jobbe i team

-         Du kan jobbe systematisk og strukturert

-         Du er sjølvstendig, fleksibel og initiativrik

-         Du har visjonar, endringsvilje og gjennomføringsevne

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar

 

Me tilbyr:

-         ein spanande, variert og fleksibel arbeidsdag 

-         samarbeid med ulike fagmiljø i kommunen

-         eit sosialt og kreativt arbeidsmiljø med stor grad av påverknad på eigen arbeidskvardag

-         gode pensjons- og forsikringsordningar

-         lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk 


Krav til helse- og vandelsdokumentasjon

Ved enkelte stillingar innan Oppvekst er det krav om politiattest og eigenmelding om Tuberkulose jf. Opplæringslova og Helse- og omsorgstenestelova. Du kan også bli pålagt å ta tuberkulose prøve om du har vært utsatt for smitterisiko. 

Krav til kompetansedokumentasjon

Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av løn. Lønsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert. 

Vitnemål og attestar skal lastas opp som ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.  

Om arbeidsgiveren

Hemsedal kommune har rundt 300 tilsette som jobbar for å ha eit godt tenestetilbod for alle innbyggjarane, uansett alder og bustad. Folkehelse er eit satsingsområde i Hemsedal, og her er eit godt utbygd trenings- og aktivitetstilbod. Kvart einaste år flyttar det menneske frå andre delar av landet, og utlandet, til Hemsedal. Ein viktig føresetnad for Hemsedal som samfunn, er at me legg til rette for folk som bur og flyttar hit, slik at dei trivst og bli verande.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Hemsedalsvegen2889, 3560 Hemsedal
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tori Snerte
Stillingstittel
konstituert kultursjef
Mobil
97 52 49 42
Kontaktperson
Trine Thielemann
Stillingstittel
Kommunalsjef Oppvekst og kultur
Mobil
92 28 99 28
Følg firma
15 følger dette firmaet

Hemsedalsvegen2889, 3560 Hemsedal

Annonseinformasjon

FINN-kode 344682060
Sist endret 16. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse