Inaktiv

Har du lyst til å jobbe med likestilling og mangfald?

Arbeidsgiver
Kultur- og likestillingsdepartementet
Stillingstittel
Førstekonsulent/rådgjevar
Frist
08.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet

Førstekonsulent/rådgjevar

Om stillinga

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har to ledige midlertidige stillingar i avdelinga for likestilling, diskriminering og internasjonale saker, seksjon for likestilling og kulturelt mangfald  - eit ledig vikariat med varigheit ut 2024, og eit eittårig engasjement. For begge stillingane er det ønskeleg med ein rask oppstart.

Vi søker deg som har særleg interesse for politikkutvikling på områda likestilling og mangfald. I stillingane inngår arbeid med ulike handlingsplanar som avdelinga held i.

KUD er eit relativt lite departement prega av mykje offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli ein del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med mange engasjerte og kompetente medarbeidarar.


Arbeidsoppgåver

Dei som blir tilsett, skal:

  • bidra til å utvikle arbeid med handlingsplanar og strategiar på område avdelinga har ansvar for
  • gje fagleige råd som kan bidra til å utvikle politikkområdet og vurdere effektar av ulike tiltak  
  • utføre andre oppgåver innanfor heile breidda av avdelinga si portefølje

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • utdanning på masternivå som samfunnsvitar eller jurist
  • svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk

Det er ein fordel med kjennskap til og erfaring med politikkområdet likestilling og ikkje-diskriminering. 

Vi ser etter deg som:

  • er fleksibel og sjølvstendig
  • har svært god samarbeidsevne  
  • har evne til strategisk og analytisk tenking
  • har god forståing for forholdet mellom politikk og forvaltning
  • er initiativrik, utviklingsorientert og har gjennomføringsevne

Vi legg vekt på motivasjonen din og at du personleg høver til stillinga. Du må vere budd på å hjelpe andre seksjonar og avdelingar i departementet, ved behov.

Dei som blir tilsett i stillinga må kunna autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert  som BEGRENSET etter tryggingslova


Kva vi tilbyr

Kultur - og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.

Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.

Du vil bli plassert inn som førstekonsulent eller rådgjevar avhengig av erfaring. For å bli vurdert som rådgjevar må du ha to års erfaring som er direkte relevant for stillinga. Brutto årsløn frå kr 524 700 (ltr 53) til kr 679 000,- (ltr. 69).


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv for at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du fell inn under ein av dei nemnde kategoriane. Vi vil kalle inn minst éin kvailifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Les meir om krava på arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).  

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Åsulv Solstad på telefon 41219776.


Om avdelinga

Avdelinga for likestilling, diskriminering og internasjonale saker har sektoransvar og koordineringsansvar for politikkområdet likestilling og diskriminering, og ansvar for å følge opp internasjonale konvensjonar og internasjonalt arbeid på området. Avdelinga har i tillegg ansvar for regelverk på likestillings- og diskrimineringsområdet, kulturelt mangfald og generelle internasjonale kultursaker. Avdelinga har to seksjonar og ein stab.

Ansvaret for styringa av Diskrimineringsnemnda, Likestillings- og diskrimineringsombodet og likestillingsoppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, ligg òg til avdelinga.


Om arbeidsgiveren

Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Samfunnsviter,
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åsulv Solstad
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
41 21 97 76
Følg firma
1386 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 344664460
Sist endret 9. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse