Inaktiv

Er du økonom og vil bli ein del av Norges største konkurransemiljø?

Arbeidsgiver
Konkurransetilsynet
Stillingstittel
Økonom
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Konkurransetilsynet

Om stillinga
Konkurransetilsynet har som hovudoppgåve å fremje konkurranse til det beste for forbrukaren, mellom anna ved å handheve konkurranselova og ved å vere ein pådrivar for konkurranse.
Gjennom dette arbeidet er tilsynet sine tilsette i dagleg kontakt med sentrale aktørar innan norsk næringsliv. Tilsynet sine tilsette arbeider saman med andre europeiske land sine konkurransestyresmakter, EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) og Europakommisjonen, og deltek dessutan i internasjonalt samarbeid innan relevante fagområde.

Vi søkjer etter dyktige og samfunnsengasjerte økonomar som ynskjer å inngå i eit sterkt fagmiljø der vi saman bidreg til å fremje konkurranse i norsk næringsliv. Hos oss vil du oppleve ein variert arbeidskvardag med fagleg fordjuping og påfyll. I Konkurransetilsynet får du mellom anna ein unik moglegheit til å jobbe med dei største oppkjøpa i det norske næringslivet, og etterforsking av marknadsaktørar sine moglege brot på konkurranselova. I tillegg vil du gjennom arbeidet få særskilt kompetanse om korleis viktige, norske marknader fungerer.

Økonomar i Konkurransetilsynet får raskt sjølvstendig ansvar for interessante arbeidsoppgåver, og arbeider som regel i tett samarbeid med juristar, etterforskarar og tilsette med særskilt digital kompetanse. For særleg kvalifiserte kandidatar kan det tidleg verte aktuelt med prosjektleiaransvar.

Arbeidskvardagen i Konkurransetilsynet er prega av ulike former for utovervend verksemd. Gjennom arbeidsoppgåvene vil du vere i hyppig kontakt med sentrale aktørar i norsk næringsliv, andre offentlege instansar, internasjonale organisasjonar og andre fagmiljø innan økonomi og juss.

Du vil arbeide i ein av Konkurransetilsynet sine marknadsavdelingar, og rapportere til avdelingsdirektør i den aktuelle avdelinga. Marknadsavdelingane er Finans og kommunikasjon, Bygg, industri og energi og Mat, handel og helse.

Dine mest sentrale arbeidsoppgåver i stillinga vil vere

  • Gjennomføre og formidle økonomiske analysar og vurderingar i enkeltsaker
  • Aktivt delta og samarbeide i prosjektgrupper og tverrfaglege team
  • Delta i skriving av Konkurransetilsynet sine varsel og vedtak
  • Kontakt med sentrale aktørar i norsk næringsliv, offentleg myndigheit og internasjonale organisasjonar, og kontakt med advokatane deira
  • Bidra med innhenting- og kartlegging av faktum (bl.a. bidra i bevissikringar, forklaringsopptak, gjennomgang av beslag mv.)
  • Delta i eksterne aktivitetar, som f.eks. å holde foredrag, representere tilsynet på karrieredagar eller studentarrangement

Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har følgande bakgrunn

  • Høgare utdanning på masternivå innan samfunnsøkonomi, økonomi og adm. (siviløkonom) eller tilsvarande med gode resultat, evt. fordjuping i samfunnsøkonomi i anna økonomisk mastergrad. Internasjonale grader må være godkjent av NOKUT/HK-dir.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • Interesse for konkurransepolitikk og konkurranseøkonomi
  • Interesse for digitalisering og digitale marknader vil vere ein fordel

Vi legg vekt på at du har

  • Strukturert og sjølvstendig arbeidsmåte
  • Gode analytiske evner og resultatorientert haldning
  • Gode samarbeidsevner
  • God prioriteringsevne og handlekraft
  • Både ei grundig og effektiv tilnærming til utføring av arbeidsoppgåver
  • Interesse for samfunnsutvikling og forbrukarvelferd

Vi søkjer særleg deg som er nyutdanna og deg med nokre års relevant erfaring. Du som blir uteksaminert hausten 2024 er også velkommen til å søkje.

Vi kan tilby deg
Å bli ein del av vårt inspirerande, faglege og gode arbeidsmiljø. Vi legg vekt på gode lærings- og utviklingsmoglegheiter i arbeidet vårt. Våre tilsette deltar aktivt på interne og eksterne kurs og konferansar. Vi har også gode ordningar for dei som ynskjer vidareutdanning ved å ta relevante fag ved universitet og høgskular.

Våre moderne og universelt utforma lokale sentralt i Bergen sentrum gir deg ein flott base å arbeide frå. Vi er opptatt av ein god balanse mellom jobb og fritid, og hos oss får du fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida. Sykkelparkering og flotte garderobefasilitetar er også på plass. Vi har god pensjonsordning hos Statens Pensjonskasse, gode velferdsordningar, kantine og eige bedriftsidrettslag.

Stillingane blir lønna ut frå kvalifikasjonar og iht. til det statlege lønnsregulativ som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar (st. kode 1408/1434/1364) i lønnsspennet kr. 550 000  900 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Les dette før du søkjer
Vi i Konkurransetilsynet er opptatt av å ha eit inkluderande arbeidsmiljø. Mangfald betraktar vi som ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkjarportalen. Her er det fleire kategoriar, og så sant det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velgje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avgrensingane til noko anna enn anonymisert statistikk.

Er du nysgjerrig og vil vite meir om stillinga?
Ta kontakt med fungerande avdelingsdirektør Vegard Aandal-Nilsen, , 95945690 eller fungerande nestleiar Hanne Falkanger, , 40221285.

Søknadsfrist: 7. april 2024

Om arbeidsgiveren

Konkurransetilsynet sitt samfunnsoppdrag er å sikre konkurranse som er til fordel for forbrukere og næringsliv. Gjennom håndhevelse av konkurranseloven skal tilsynet avdekke konkurranseskadelig samarbeid og misbruk av dominerende stilling. Tilsynet vurderer også om fusjoner og oppkjøp kommer forbrukere til gode. Konkurransetilsynet deltar aktivt i internasjonalt samarbeid innen sine fagområder. Konkurransetilsynet har rundt 100 ansatte i nye og moderne lokaler i Zander Kaaes gate 7 i Bergen. For mer informasjon se www.kt.no.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Zander Kaaes gate 7, 5015 Bergen
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi,
Saksbehandler,
Analyse

Nøkkelord

økonom, konkurranseøkonomi, konkurransepolitikk, samfunnsøkonomi, siviløkonom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hanne Lilja Falkanger
Telefon
40 22 12 85
Kontaktperson
Vegard Aandal-Nilsen
Telefon
95 94 56 90
Følg firma
185 følger dette firmaet

Zander Kaaes gate 7, 5015 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 344657155
Sist endret 8. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse