Inaktiv

Miljøterapeut

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Kuhnletunet bufellesskap rekke 2, har ledig 100% fast stilling. 

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 8 bufellesskap, 2 dagsenter og tilbod på avlastning både i heim og i avlastningssenter.

Kuhnletunet Rekke 2 ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev i hovudsak tenester til tenestmottakarar over 18 år og har 5 bebuarar med varierande bistandsbehov.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god
livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand
vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.

- Stillinga er i hovudsak knytt opp mot ein tenestemottakar. 
- Stillinga er i turnus m/ arbeid på kveld + kvilande natt, m/ arbeidshelg kvar  3. helg.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har helsefagleg høgskuleutdanning med relevant erfaring frå målretta miljøarbeid og kompetanse knytt til adferdsutfordringar. Helsefagarbeidar med same kompetanse i høve adferd, vil også bli vurderte. Du bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.

Det vert lagt stor vekt på din erfaring, vidareutdanning og kjennsskap til brukargruppa.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

miljøterapeut, åtferd, vernepleiar, vidareutdanning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ass.einingsleiar Anne Turi Kvittingen
Telefon
97 79 15 42
Kontaktperson
Avdelingsleiar Siv Elise Clausen
Telefon
91 17 43 01
Følg firma
483 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 344263682
Sist endret 8. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse