Utløpt

Vil du verte vår nye prosjektleiar og kollega i Odda?

Arbeidsgiver
BKS Konsern
Stillingstittel
Prosjektleiar / ingeniør
Frist
snarest
Ansettelsesform
Fast

Zenit Engineering AS søkjer prosjektleiar til kontoret vårt i Odda. Om du tykkjer det høyrest spennande ut å jobbe med veldig varierte oppgåver med mykje ansvar, godt støtta av eit lite og veletablert ingeniørmiljø kan du vere den vi ser etter. 

Vi treng ein dyktig prosjektleiar med ingeniørbakgrunn som kan vere vårt kontaktpunkt mot eksisterande og nye kundar i Odda og Ullensvang. Du vil vere ansvarlig for dialog mot etablerte kundar som Boliden, Ineos og Elkem samstundes som du er våken for nye moglegheiter i regionen. I nokon grad kan det vere aktuelt med reine ingeniøroppgåver også, men det er opp til deg og din bakgrunn og arbeidsmengde. Du vil også jobbe tett med dei andre ingeniørane i Zenit for å få jobbane gjort.

Du må vere strukturert og villig til å ta ansvar og stå fram når det trengst, ha fokus på kvalitet og på å oppretthalde tidsfristar. Arbeidet vil i stor grad verte utført hos kundar i store, hektiske prosjekt, så HMS er noko vi alltid har fokus på.

Du må som eit minstekrav ha ein Bachelor eller Master i ingeniørfag, typisk innan maskin, mekanisk, struktur, bygg eller liknande, og noko praktisk erfaring som ingeniør. For denne stillinga vil nokre år erfaring som prosjektleiar vere ein stor fordel også, men ikkje eit krav.

Vi treng også at du snakkar og flytande norsk, og har god engelsk både munnleg og skriftleg.

Hos oss i Zenit vil du bli varmt motteke og gitt varierte og utviklande oppgåver. Sjølv om vi er mykje ute hos kunde er vi opptatt av å ha eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, og har mellom anna fagdagar der alle samlast 4 gonger om året. I dag er vi 15 ansatte fordelt på dei fire kontora våre.

Kontorstad for deg vil vere i Odda, der vi i dag har ein kvalitetsinspektør samt to som vekependlar i oppdrag for Boliden og GZO. For rette kandidaten kan vekependling vurderast for denne stillinga også, men det er viktig å vere tilstades lokalt.

Lønnsmessig følgjer vi NITO/Tekna, og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.



Om oss:

Zenit Engineering AS vart etablert i 2000 og tilbyd høg faglig kompetanse innan mekanisk design, maskin, konstruksjon, rør, struktur og bygg. Vi leverer multidisiplinære løysingar inn mot landbasert industri, maritim, offshore, akvakultur og fornybar gjennom studiar, analysar, tekniske og mekaniske løysingar og totalentreprisar.


Zenit har over snart 25 år utvikla seg til å bli ein foretrukken leverandør av ingeniørtenester til ulike segment, og er stolte over å vere ein del av BKS-konsernet, som er ein integrert del av Eqva ASA. Med denne koblinga har Zenit Engineering AS tilgang til eit breidt nettverk av ressursar og kompetanse som bidreg til å styrke posisjonen vår i marknaden.

Om arbeidsgiveren

TEKNISK TOTALLEVERANDØR MED GRØNT FOKUS

BKS-konsernet består av bedriftene:- BKS Industri AS- BKS Power & Automation AS- BKS VVS AS- Zenit Engineering AS - Marine Support ASBKS-konsernet leverer tekniske installasjoner, elektro og automasjonstjenester til kraftkrevende industri, fiskeoppdrett, skip, landbasert industri, offshorenæringen og til bygg og anlegg.
Våre leveranser består bl.a. av engineering, konstruksjon, fabrikasjon og installasjon av de fleste typer rørsystem, metallkonstruksjoner og kvaliteter.
Vi er delaktige i mange miljørettede prosjekter og er blitt en viktig leverandør til prosjekter innen bærekraftige, miljømessige investeringer. Vi ser på miljø som et viktig industrielt vekstområde.
Til sammen omsetter BKS-konsernet for over 370 mill. kroner og vi er ca. 400 medarbeidere i konsernet.




Sektor
Privat
Sted
Eitrheimsneset 8, 5750 Odda
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Roger Sætereng
Telefon
92 21 53 03
Følg firma
705 følger dette firmaet

Eitrheimsneset 8, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 344243682
Sist endret 26. apr. 2024 14:24

Rapporter annonse