Utløpt

Arealplanleggar/miljørådgjevar

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Arealplanleggar/miljørådgjevar
Frist
04.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Øystre Slidre kommune har ledig 100 % fast stilling som arealplanleggjar/miljørådgjevar. Vi søker etter deg som har interesse for berekraftig samfunnsutvikling og arealplanlegging, som kan fylle rollen som medarbeidar i dei ulike planprosessane vi jobbar med. Klima og berekraft er på dagsorden, og arbeid knytt til dette vil vere ein viktig del av stillinga.

Stillinga høyrer til under eininga Næring, Plan og Byggesak, kor vi har eit svært godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utvikling. Avdelinga har i dag eit ungt miljø med fagpersonar med variert kompetanse. Stillinga du søker på vil kunne endre seg over tid etter interesser og behov, og den rette kandidaten vil ha moglegheit til å i stor grad forme sin eigen arbeidskvardag.


Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide kommunedel- og temaplanar og faglege analysar som grunnlag for dette planverket
  • Oppgåver innan miljørådgjeving og utvikling, med ansvar innan klima og klima-tilpassing, verne- og utbyggingsplanar i LNF-område, og andre miljørelaterte oppgåver
  • Behandling av private planforslag
  • Utarbeiding av handlingsplanar
  • Analysearbeid og utarbeiding av utgreiingar og demografisk informasjon som grunnlag for politiske og administrative avgjerder
  • Oppfølging av kommunen sitt miljøfyrtårnarbeid
  • Generell informasjon og publikumskontakt

Kvalifikasjonar

  • Min. 3-årig utdanning frå høgskule/universitet innan planlegging og/eller naturforvaltning. Søkjarar utan etterspurt utdanning, men med relevant arbeidserfaring vil bli vurdert
  • Relevant arbeidserfaring, gjerne frå kommunal planlegging, og frå miljøområdet
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne, analytiske evner og interesse for fagområdet
  • Ansvarsbevisst, med positiv haldning til tverrfagleg teamarbeid. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåver, og god fagleg breidde i avdelinga er ynskjeleg
  • Erfaring med bruk av GIS-verktøy er ein fordel men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert
  • Inkluderande
  • Trivast med regelstyrt arbeid
  • Løysingsorientert
  • Ynskje om vidareutvikling

Vi tilbyr

  • Viktig stilling i ei kommune i stor utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø med positive og dyktige medarbeidarar

Om arbeidsgiveren

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor
Offentlig
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Bransje
Offentlig administrasjon,
Arkitektur, areal og interiør,
Miljøtjenester
Stillingsfunksjon
Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger,
Saksbehandler
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Arealplanlegger, Kommune, Øystre Slidre, Miljø, Rådgiver

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tone Snortheim
Stillingstittel
Tenesteleiar næring, plan og byggesak
Telefon
41 55 43 47
Kontaktperson
Jostein Aanestad
Stillingstittel
Kommunedirektør
Telefon
99 16 59 35
Følg firma
21 følger dette firmaet

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Annonseinformasjon

FINN-kode 344236463
Sist endret 26. apr. 2024 13:32

Rapporter annonse