Utløpt

Driftsteknikar - hjelpemiddelteknikar

Arbeidsgiver
Stad kommune
Stillingstittel
Driftsteknikar - hjelpemiddel
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Stad kommune har ledig nyoppretta 100 % fast stilling som driftsteknikar til Eining for eigedom, som skal ha ansvar for hjelpemiddel og velferdsteknologi. Vi søkjer deg med utdanning innan elektro/automasjon, eller med erfaring/interesse for fagfeltet. Stillinga er ledig frå 01.04.2024.

Eininga eigedom har ansvar for drift og vedlikehald av bygg. Eininga dekkjer heile Stad kommune sin portefølje av kommunale bygg frå utleigebustadar til institusjonar. Eininga utfører i tillegg oppgåver knytt til hjelpemiddel og velferdsteknologi. Stillinga er ein del av kommunen si auka satsing på bruk av teknologi. Hjelpemiddel og velferdsteknologi er eit av fleire tiltak for at innbyggarane i kommunen skal vere sjølvstendige og kunne bu lenger i eigen heim.

Arbeidsstad er heile Stad kommune med oppmøtestad på Nordfjordeid. Stillinga vil ha eit tett samarbeid med fysio/ergoterapitenesta, NAV hjelpemiddelsentral, heimetenesta og eining eigedom.

Stillinga vil disponere tenestebil.


Arbeidsoppgåver

Driftstekniker skal arbeide med eit breidt spekter av hjelpemiddel og velferdsteknologi. Dette er utstyr som gjev brukarane moglegheit å til meistre kvardagsaktiviteter.

Oppgåvene innebær mellom anna:

  • Service/vedlikehald/feilsøking, montering/demontering av tekniske hjelpemidler og bestilling av deler til utstyr som er lånt ut av NAV Hjelpemiddelsentralen, samt hjelpemiddel og velferdsteknologi som kommunen eig
  • Transport, mottak og retur av hjelpemiddel
  • Logistikk og planlegging
  • Direkte kontakt med tilsette og brukarar , ta i mot, prioritere og dokumentere tilvisingar/oppdrag
  • Samarbeid med ergo- og fysioterapeutar og andre om å tilrettelegge tenelege og praktiske løysingar for brukarar
  • Informasjon, rettleiing og opplæring i høve teknologi og hjelpemiddel til tilsette og brukarar
  • Vere delaktig i kommunen si vidare satsing på velferdsteknologi, til dømes oppfølging av pasientvarslingssystem og innføring av e-lås i 2024
  • Tenesta skal utførast primært i brukarane sin heim og på institusjon
  • Driftsteknikar oppdrag på bygg

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i elektriske eller mekaniske fag, dokumentert erfaringsbasert kompetanse tilsvarande fagbrev kan vurderast
  • Kompetanse og erfaring frå teknisk, praktisk arbeid og bruk av ulike verktøy er ein fordel
  • Kunne utføre enklare programmering av hjelpemiddel og velferdsteknologi
  • IKT kompetanse, tileigne seg bruk av kommunen sine fagverktøy, til dømes elektronisk journalsystem
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Serviceinnstilt og omstillingsdyktig
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Sertifikat klasse B, og helst BE

    Ein del av arbeidsoppgåvene kan vere fysisk krevjande. Ein vil få naudsynt kursing og rettleiing for å ivareta helse-, miljø og tryggleik.

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til relasjonsbygging og kommunikasjon både muntleg og skriftleg
  • Samarbeids- og omstillingsviljug
  • Godt humør
  • Personlig egnahet og hensyn til samansettinga for øvrig i arbeidsmiljøet vil bli vektlagt ved utvelgelsen
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Allsidig person med initiativ og serviceinnstilling

Vi tilbyr

  • Utfordrande og svært varierte arbeidsoppgåver – ikkje ein dag er lik!
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har 6 månader prøvetid. Attestar og vitnemål skal lastast opp saman med søknaden.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om utlysninga kan du ta kontakt med einingsleiar eigedom, Tore Nyhammer-Taklo.

Om arbeidsgiveren

Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Håndverker / Elektriker,
Håndverker / Mekaniker
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Elektriker, Driftstekniker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tore Nyhammer-Taklo
Stillingstittel
einingsleiar eigedom
Telefon
90 19 48 37
Følg firma
4 følger dette firmaet

Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

Annonseinformasjon

FINN-kode 344226318
Sist endret 26. apr. 2024 12:16

Rapporter annonse