Utløpt

Legg Europa for føtene dine

Arbeidsgiver
Kultur- og likestillingsdepartementet
Stillingstittel
Nasjonal ekspert i EU-kommisjonen
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet

Nasjonal ekspert i EU-kommisjonen

Om stillinga

Vi søker ein rådgivar/seniorrådgivar til ei toårig mellombels tilsetting.

Noreg har gjennom EØS-avtalen høve til å sende norske nasjonale ekspertar til Europakommisjonen og EU-byråa. Ein nasjonal ekspert er ein tenesteperson utlånt frå nasjonalforvaltninga for ein periode på normalt to år. For å kvalifisere som søkar må kandidaten ha minst tre års relevant erfaring frå liknande arbeid og ha jobba i statleg sektor samanhengande i minst tolv månader før utsending. Ordninga er eit viktig verkemiddel i Noregs EU-arbeid.

Den nasjonale eksperten har arbeidsstad hos Europakommisjonen i Brussel og skal arbeide med å sette i verk og følge opp Kreativt Europa, som er EUs støtteprogram for den kulturelle og kreative sektoren. Programmet har eit budsjett på 2,4 milliardar euro i programperioden 2021-2027 og gir europeiske aktørar innan TV, film, kunst og kultur høve til å samarbeide internasjonalt og nå ut til eit større europeisk publikum

I stillinga som nasjonal ekspert i Europakommisjonen vil du få spennande og givande arbeidsoppgåver, fagleg utvikling i samarbeid med kollegaer frå heile Europa og mykje kontakt med den europeiske kultursektoren. Du vil også få høve til å oppleve Brussel, "Europas hovudstad", som er ein levande og internasjonal by med eit rikt kulturtilbod

Les meir om ordninga (https://www.regjeringen.no/no/tema/europapolitikk/eos1/nasjonale-eksperter/id528039/) med nasjonale ekspertar. (https://www.regjeringen.no/no/tema/europapolitikk/eos1/nasjonale-eksperter/id528039/)


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytte til delprogrammet KULTUR og delvis til den sektorovergripande delen av Kreativt Europa. I denne stillinga skal du:

  • følgje opp tiltak og aktivitetar som er finansiert gjennom Kreativt Europa.
  • samarbeide tett om programmet med Europakommisjonens underliggande organ for å gjennomføre program innanfor kultur, audiovisuell sektor og utdanning (EACEA - European Education and Culture Executive Agency)
  • ta del i utforminga av nye initiativ, midtvegsevalueringa av Kreativt Europa-programmet og i førebuinga av programperioden etter 2027
  • førebu briefinger, notat og kontraktutkast
  • organisere og delta i møte og arrangement i og utanfor Europakommisjonen, mellom anna gje presentasjonar

Utdanning og erfaring

Du må ha:

  • utdanning på universitetsnivå (minst bachelorgrad).
  • minst tre års relevant arbeidserfaring (frå administrasjon, rådgiving, teknologi, forsking eller jus).
  • vore tilsett hos den noverande arbeidsgivaren din (innan statleg sektor) samanhengande i minst tolv månader fram til oppstart, og du må kunne fortsette i stillinga hos den nåverande arbeidsgivaren i tida som nasjonal ekspert.
  • erfaring frå kultursektoren og god kunnskap om éin eller fleire kulturbransjar
  • erfaring frå arbeid med politikkutvikling og program-/prosjektstyring

Du må beherske engelsk og/eller fransk svært godt skriftleg og munnleg (arbeidsspråk). God kjennskap til andre EU-språk, særleg tysk, er ein fordel.

Vi legg vekt på internasjonal erfaring og om du har kjennskap til og erfaring med EUs institusjonar.


Personlege eigenskapar

Vi søker ein person som:

  • tar initiativ, er sjølvstendig og har gjennomføringsevne
  • er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
  • kommuniserer og samarbeider godt
  • kan tilpasse seg ulike kulturar og skape kontakt mellom folk

Kva vi tilbyr

  • Stillinga gir moglegheit til å jobbe i eit europeisk miljø og vil gi nyttig kjennskap til korleis EU-institusjonane fungerer, især Europakommisjonen.
  • Vi tilbyr lønn etter lønnsregulativet i staten, med utgangspunkt i noverande lønn. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. Norske styresmakter betaler lønn og tillegg, men det er Europakommisjonen som har instruksjonsmyndigheit over den som blir tilsett.
  • Du får utanlandstillegg på same nivå som ambassadesekretærar, jf. særavtalen for utanrikstenesta
  • Kostnader til bustad ved tenestestaden vil bli dekte etter gjeldande praksis.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Kontraktsperioden er to år. Perioden kan etter norsk regelverk berre bli forlenga med eitt år

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetting på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål. Vi vil legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne.


Generell informasjon

Vi gjer merksam på at søknaden innehalde søknadsbrev på engelsk, og CV i EU/Europass-format (Create your Europass CV | Europass). (https://europa.eu/europass/en/create-europass-cv) CV-en skal vere eit pdf-dokument.

Dei som søker, må vere merksame på at dei kan bli oppførte på offentleg søkarliste sjølv om dei ber om ikkje å bli det. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Cecilia Lyche på telefon 91 18 71 73 eller seniorrådgivar Brit Holtebekk på telefon 99 59 12 52.

Europakommisjonen vil fastsette starttidspunktet for kontraktsperioden. Det er ønskeleg at perioden startar så snart som mogleg.


Om arbeidsgiveren

Nasjonale ekspertar er tenestepersonar som er "utlånte" til Europakommisjonen frå nasjonale forvaltningar for ein avgrensa periode. Dette er eit engasjement som nasjonal ekspert i Europakommisjonen i Brussel, og det er knytt til EU-programmet Kreativt Europa, delprogrammet KULTUR. Kreativt Europa er EUs støtteprogram for den kulturelle og kreative sektoren i perioden 2021-2027.
Programmet har som formål å fremme kulturelt og språkleg mangfald, og den europeiske kulturarven og å styrke konkurranseevna til dei kulturelle kreative sektorane i Europa. Programmet har to delprogram, KULTUR og MEDIA, og en del som gjeld fleire sektorar. Delprogrammet KULTUR omfattar alle bransjar i kultursektoren.
Stillinga er plassert i Generaldirektoratet for utdanning, ungdom, idrett og kultur (DG EAC – Directorate-General for Education, Youth, Sport and Culture) i Seksjon D2 Creative Europe Unit. Seksjonen har ansvaret for Kreativt Europa og særleg ansvar for delprogrammet KULTUR. Dette delprogrammet dekker et bredt spekter av store og små europeiske samarbeidsprosjekt og nettverk og andre EU-initiativ på kulturfeltet, for eksempel europeiske kulturhovudstader og EUs kulturprisar innan litteratur, kulturarv, arkitektur og musikk.
Tilsettinga som nasjonal ekspert skjer i samarbeid med Europakommisjonen. Eksperten vil administrativt høyre til Europakommisjonen, men blir formelt tilsett av Kultur- og likestillingsdepartementet. Arbeidsstaden er Brussel.
I stillinga som nasjonal ekspert i Europakommisjonen får du spennande og givande arbeidsoppgåver, fagleg utvikling i samarbeid med kollegaer frå heile Europa og mykje kontakt med den europeiske kultursektoren. Du får også høve til å oppleve Brussel, '"Europas hovudstad", - som er ein levande og svært internasjonal by med eit rikt kulturtilbod.
Kultur - og likestillingsdepartementet legg til grunn at den nasjonale eksperten også sørger for å halde departementet orientert om arbeidet sitt undervegs.

Sektor
Offentlig
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
1386 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 344052885
Sist endret 24. apr. 2024 22:08

Rapporter annonse