Utløpt

Sommarjobb på Haakonsvern

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb på Haakonsvern
Frist
03.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg søker etter motiverte sommarvikarar til lettare driftsarbeid inne og ute på Haakonsvern og omegn.

Vi søker cirka 8 ungdommar til førefallande vedlikehaldsarbeid i skuleferien, veke 25-33.
Vi søker 2 ungdommar under utdanning innan elektro om å søke. Må være ferdig med VG2.
Resterande 6 vil arbeite med førefallande vedlikehald.
Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe (maks tre ukar på kvar kandidat).

Les gjerne meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.


Arbeidsoppgåver

  • Førefallande arbeid, som til dømes maling, rydding av inne- og uteareal mm.
  • Enklare driftsoppgåver innan elektro/automasjon mm.

Kven ser vi etter?

For å jobbe hos oss må du vere:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i løpet av året
  • God orden og oppførsel
  • Må kunne autoriserast
  • Ønskeleg med påbegynt utdanning innan elektro (fullført VG2), for to av søkerane.

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 280 640,- - 401 900,- i brutto årleg lønn i følge Statleg lønnsregulativ.

    Om arbeidsgiveren


    Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

    Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

    Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    8
    Sted
    Haakonsvern, 5886 Bergen
    Bransje
    Drift og vedlikeholdstjenester,
    Bygg og anlegg
    Stillingsfunksjon
    Driftsoperatør/vaktmester
    Arbeidsspråk
    Norsk

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Rune Storøy
    Stillingstittel
    Områdeleiar Haakonsvern
    Telefon
    91 36 56 03
    Følg firma
    3072 følger dette firmaet

    Haakonsvern, 5886 Bergen

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 343988833
    Sist endret 24. apr. 2024 14:28

    Rapporter annonse