Vårt historiske mineraleventyr treng rørleggarar! Er du ein av dei?

Arbeidsgiver
Engebø Rutile and Garnet AS
Stillingstittel
Industrirørleggar
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Engebø Rutile and Garnet AS er eit selskap i vekst og vi riggar oss for oppstart av produksjon hausten 2024. Odd Gunnar, vår dyktige teknisk og vedlikehaldsleiar, treng difor fleire hjelpande hender for å halde kontroll på anlegget. Ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg ut i den flotte naturen i vakre Sunnfjord.


Prosjektet består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil (titandioksid) og granat. I tillegg til mineralprodukta rutil og granat vil det også bli produsert produkt frå gråberg samt ulike restmineraler. Produkta vil i hovudsak bli eksportert. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til ca. 40 år og vil krevje ca. 100 tilsette. 

I stillinga som industrirørleggar treng vi deg som er nyutdanna, men og deg med lengre erfaring i frå faget som er nysgjerrig og motivert for nye utfordringar. Er du i tillegg løysingsorientert og stadig jaktar den optimale løysinga, vil du passe godt inn i resten av teamet. 


Ønska kvalifikasjonar og erfaringar:

  • Fagbrev og/eller erfaring frå rørleggarfaget innan industri og produksjon
  • Ventiler – utskifting, overhaling, reperasjon og testing
  • Pumper - utskifting, overhaling, reperasjon og testing
  • Hydraulikk og slanger – kontroll, utskifting og testing
  • Kunnskap om grunnleggende HMS-verktøy og prosessar
  • Vedlikeholdplanlegging
  • Førerkort klasse B
  • Sertifikat på truck og kran
  • Beherske bruk av IT verktøy i arbeidskvardagen       


Om du er ung, gammal, mann, kvinne eller kvar du er i frå spelar ingen rolle! Vi heiar på mangfald, og vil oppfordre alle kvalifiserte til å søke uansett kultur og tenkemåte då vi ser på dette som viktig for nytenking, utvikling og kvalitet i vårt arbeid. Arbeidspråk er norsk, og du må difor ha gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk skriftleg og muntleg.

Arbeidstad blir på Engebø i splitter nye kontor og produksjonsbygg! Arbeidstida er dagtid.


Vi tilbyr ein unik mogligheit, og rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling. Ein jobbar tett på leiinga, med kort veg frå ide til avgjersle. Dette gir moglegheit for å påverke kva du meinar ein må prioritere.

Vi skal bli ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.


Spennande? Ja, då er det bare å hive seg rundt og sende inn ein enkel søknad. Om du er introvert eller ekstrovert spelar ingen rolle så lenge du er motivert og har lyst til å utvikle deg, samt har eit sterkt ønske om å bidra til forbetring!

Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål til stillinga eller korleis det er å jobbe i Engebø Rutile and Garnet. Send gjerne ei henvending til vår "motsette referanse", kontaktinfo finn du på engeboprosjektet.no/karriere.

Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om arbeidsgiveren

Vil du vere med oss og få på plass ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil?

Engebø Rutile & Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.

Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Sted
Engebø, 6817 Naustdal
Bransje
Metaller og mineraler,
Verksindustri
Stillingsfunksjon
Håndverker / Rørlegger,
Håndverker / Sveiser,
Produksjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

rørlegger, kjemiprosess, pumper, hydraulikk, Nordic Mining

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Odd Gunnar Røyseth
Stillingstittel
Teknisk og vedlikehaldsleiar
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
92 følger dette firmaet

Engebø, 6817 Naustdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 343971063
Sist endret 4. apr. 2024 09:46

Rapporter annonse