Inaktiv

Har du lyst til jobbe ved et prestisjefylt hotell i et av verdens vakreste områder?

Arbeidsgiver
HOTEL UNION GEIRANGER AS
Stillingstittel
Konferansevert
Frist
22.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Manpower

For Hotel Union Geiranger søker vi etter Konferanseansvarleg i fulltidsstilling til å bli ein del av teamet ved hotellet si konferanseavdeling. Hotellet har eiga konferanseavdeling med møterom/salar i ulike storleikar, og arrangerer både små og store konferansar, møter, selskap/bryllaup, konsertar og andre arrangement.
Hotel Union Geiranger har vore ein destinasjon for reisande sidan 1891, og stadig fleire finn vegen til vakre Geiranger for å oppleve den unike Union-atmosfæren av kvalitet og service. Hotellet er lokalisert midt i eit UNESCO Verdsarvområde, omgitt av den vakre naturen i Geiranger med alt det inneber av spektakulære naturopplevingar.

Som tilsett ved Hotel Union Geiranger vil du bli del av eit prestisjefylt hotell som år etter år tiltrekk gjestar frå inn- og utland, enten det er kongelege bryllaupsgjestar, konferansedeltakarar eller ivrige turgåarar. Som konferanseansvarleg vil du samarbeide tett opp mot andre avdelingar og ha ei nøkkelrolle i eit profesjonelt team som er dedikerte til å skape minneverdige opplevingar for sine gjestar. 


Dine arbeidsoppgåver:
  • Gjennomføring av konferanser 
  • Opp og nedrigging av møtelokaler
  • Teknisk bistand til kunder underveis i konferanser, oppfølging av teknisk utstyr
  • Dagleg drift; førefallande arbeid på dei ulike avdelingane
  • Budsjettansvar
  • Personalansvar

Vi ønsker deg som:
 
  • Har relevant erfaring og/eller utdanning 
  • Er ansvarsbevisst og sjølvgåande
  • Har lidenskap for faget og viser entusiasme for jobben
  • Har ei sterk serviceinnstilling både overfor kollegar og gjestar
  • Tek ansvar og initiativ og er punktleg.
  • Snakkar enten norsk, svensk eller dansk i tillegg til engelsk
  • IT/teknisk-kompetanse og øvrig fagleg kompetanse er ein fordel

Vi er bidreg med å skaffe deg bustad og kost om ønskeleg.
Fast heltidsstilling med oppstart så raskt som mogleg.

Viss du tenker at dette er stillinga for deg og har lyst til å bli ein del av teamet på Hotel Union Geiranger, ber vi deg om å sende din CV og søknad til Manpower snarast ved å søke gjennom denne annonsen.

Vi gleder oss til å høyre frå deg!

Om arbeidsgiveren

Hotel Union Geiranger er eit familieigd hotell som i dag drivast av fjerde generansjon vertskap. Hotellet har 197 rom, ny toppetasje med 13 suiter, tre restaurantar, ei moderne konferanse- og kongressavdeling, veteranbilutstilling, nattklubb, spa-avdeling, to svømmebasseng og eit barnebasseng, samt ei spa-avdeling - og stadig nye tilbod kjem til både inne og ute. 



Hotellet ligg i UNESCO Verdsarvområde og naturen utanfor hotellet er storslått  sommar som vinter - og byr blant anna på mange flotte turar langs merka stiar, fjordcruise under fossefall og utflukter til fjellgardane.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
6216 Geiranger
Bransje
Hotell og overnatting,
Event og arrangementer,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Hotell og overnatting / Service/servering,
Hotell og overnatting / Konferanse,
Kontor og administrasjon / Resepsjon

Nøkkelord

Event, Arrangement, Selskapsplanlegger, Kurs, Seminar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Camilla Botnen
Telefon
99 53 90 56
Kontaktperson
Mia Lundholm
Telefon
91 81 07 36
Følg firma
11480 følger dette firmaet

6216 Geiranger

Annonseinformasjon

FINN-kode 343897891
Sist endret 10. apr. 2024 11:19

Rapporter annonse