Utløpt

Er du en bilentusiast og treng læreplass ??

Arbeidsgiver
Etne
Stillingstittel
Bilskadefaget, Billakker
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Lærling

Etne Auto er i fint driv og satser på fortsatt god vekst og har ledig følgjande læreplasser


Bilskadefaget (biloppretter) / Billakker


Me leitar etter lærlingar som brenn for faget sitt og bilbransjen generelt. Dersom du er dedikert til å læra og veksa i eit selskap som opplever betydeleg vekst, har du moglegheita til å tileigna deg solide kunnskapar frå erfarne medarbeidarar hjå Etne Auto AS.

Me ønskjer å samarbeida med lærlingar som kan bidra til eit positivt og produktivt arbeidsmiljø. Evna til å kommunisera effektivt, lytta til andre og arbeida mot felles mål er avgjerande eigenskapar me ser etter.

Vidare er fleksibilitet og tilpassingsdyktigheit viktige kvalitetar hjå våre lærlingar. Evna til å takla ulike oppgåver og utfordringar med ein positiv haldning er svært verdifull for oss hjå Etne Auto.

Viss du identifiserer deg med desse eigenskapane og ønskjer å bli ein del av vårt team, ser me fram til å høyra frå deg.


Fordelar med å jobbe i Etne Auto AS:

• Godt arbeidsmiljø

• Moglegheit til å påverke/utvikle eigen arbeidsplass

• Trivlege kollegaer

• Moglegheit for personleg utvikling

• M.M.


Meir info:

Dersom du ynskjer meir informasjon om å vere lærling i Etne Auto,

kan du kontakte Verksmester/Teknisk Leder Kjetil Steine på Tlf: 454 38 391

Om arbeidsgiveren

Etne Auto AS vart etablert i 1987 i Etne. Gjennom åra har vi utvikla oss til å bli ein solid bilsenter. Vi er stolte forhandlarar av KGM-modellar i Nord-Rogaland, Haugalandet, Sunnhordaland og Hardanger. I tillegg til å tilby nye bilar, har vi eit breitt utval av brukte bilar. Vår verkstad er offentleg autorisert, og vi har òg vår eiga godkjente 02-karosseri- og lakkeringsverkstad. Som lokal bilbergingspartner i Etne for både NAF og REDGO, er vi tilgjengelege for assistanse når det trengs. Som franchisetakar for Sixt bilutleige har vi ansvaret for utleigetenesta i Nord-Rogaland og Sunnhordaland. Bedrifta vår har no totalt 20 dyktige medarbeidarar som jobbar for å betene våre kundar på best mogleg måte. Vi opplever ein stadig vekst og set di tryggleik i fokus når det gjeld vedlikehald og service av bilen din. Målet vårt er å oppfylle dine bildrømmer med stor sikkerheit og profesjonalitet.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Sted
Tongane 24, 5590 Etne
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

bilmekaniker, billakkerer, bilskade

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Cato ML Ekrene
Stillingstittel
Markedssjef
Mobil
46 52 02 61
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
7 følger dette firmaet

Tongane 24, 5590 Etne

Annonseinformasjon

FINN-kode 343879881
Sist endret 24. apr. 2024 14:44

Rapporter annonse