Utløpt

Sjukepleiar/vernepleiar/miljøterapeut ved psykisk helseteneste - 50 % årsvikariat

Arbeidsgiver
Vang Kommune
Stillingstittel
Psykiatrisk sjukepleiar - 50 % årsvikariat
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Vang kommune har frå 1. mai 2024 ledig et årsvikariat for 50 % som sjukepleiar/vernepleiar/miljøterapeut ved psykisk helseteneste.

Psykisk helseteneste er eit helsetilbod retta mot menneske med utfordrande livssituasjonar. Til dømes livskriser, psykiske lidingar og konsekvensar av dette hjå den enkelte, deira familie og nettverk.Tilbodet består av samtaler individuelt og i grupper, heimebesøk, informasjon og rettleiing. Det er utstrakt samarbeid med andre tenester, internt og eksternt.

Me søkjer ein engasjert medarbeidar, som likar utfordringar. Saman med kollegaer vil du vera med på spennande og varierte oppgåver, utvikle tenesten og kunne fremje folkehelse i form av førebyggjande psykisk helsearbeid. Fagleg utvikling står i fokus.

Psykisk helseteneste er organisert i Helseavdeling og består av helsestasjon og skolehelseteneste, psykisk helseteneste, kommunal fysioterapeut, ergoterapeut, kommune psykolog (Øvre Valdres) og frisklivsrettleiar.

Psykisk helsteteneste består av 3 stillingar inkl fagleiar.


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og behandling av personar med psykiske utfordringar/lidningar
  • Leie gruppetilbod/undervisning/meistringskurs
  • Pårørendearbeid
  • Delta i forebyggende arbeid
  • Dokumentasjon
  • Tverrfagleg samarbeid intern og eksternt

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som har:

  • Norsk autorisasjon sjukepleiar/vernepleiar
  • Fortrinnsvis vidareutdanning i psykisk helse og rus
  • Anna relevant bachelor innan helse- og velferd, i kombinasjon med relevant vidareutdanning/erfaring frå arbeid med psykisk helsearbeid, kan og vurderast
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar
  • Førarkort kl B og disponera eigen bil

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein dyktig medarbeider som :

  • Har stort engasjement for fagfeltet
  • Kan arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner på tvers av faggrupper
  • Har god arbeidskapasitet, gjennomføringsevne og fleksibilitet ifht arbeidsoppgåver
  • Er ein god lyttar og har gode kommunikasjonsevner
  • Er fleksibel og løysingsorientert

Stillinga krev politiattest. Attesten må leggjast fram før tiltreding.

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseheving
  • God pensjonsordning og forsikringsvilkår
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Konkuransedyktig lønn etter avtale og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Forskjellige økonomiske rekrutteringstiltak som nedbetaling av studielån eller flyttegodtgjersle
  • Det kan vere aktuelt med støtte til relevant videreutdanning
  • Dagarbeid med noko muligheit for fleksitid

Sjå meir påwww.vangivaldres.nooghttps://www.youtube.com/watch?v=wZkS7o1mtBU

Om arbeidsgiveren

Vang kommune som arbeidsgjevar: 
Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og StabDen viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune: 
Ei storstilt satsing på barn og unge!Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 krHelse og omsorgstenester av god kvalitetVang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 årByggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetarI Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen VinjerockI Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutviklingMeir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
 
 
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 
 

Sektor
Offentlig
Sted
Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Psykiatri
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

psykiatri, psykiatrisk, sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Seija Johanna Kumpula
Stillingstittel
Leiar for helseavdeling
Telefon
97 74 37 75
Følg firma
24 følger dette firmaet

Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres

Annonseinformasjon

FINN-kode 343877275
Sist endret 23. apr. 2024 16:28

Rapporter annonse