Utløpt

Vil du vere med å påverka arealbruk og samfunnsutvikling i Suldal og Ryfylke?

Arbeidsgiver
Suldal kommune
Stillingstittel
Areal- og samfunnsplanleggar, prosjektstilling
Frist
05.04.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Vil du arbeida med folk, natur, klima, næring og berekraft? I Rogaland største kommune i areal, i eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.

Er du interessert i å utvikle ein livskraftig kommune med levande grender og lokalsamfunn? Har du utdanning og erfaring med samfunnsutfordringar og arealforvaltning, vekst og vern, tettstadutvikling, natur, klima, miljø og berekraftig næringsutvikling?

Då har me kanskje drøymejobben for deg. Prosjektstilling i 100% fram til 01.01.2027.

Om eining Bygdeutvikling

Me har ansvar for arealplanlegging, tettstadutvikling, landbruk, natur, viltforvaltning, oppmåling/ geografisk informasjon, byggesak, fysiske kulturminne og naturressursbasert næringsutvikling.

Me er vertskommune for vassområde Ryfylke og me har sekretærfunksjon for Villreinnemnda Setesdal Ryfylke.

Stillingsressursen ved eining bygdeutvikling er i dag 10 personar, 8,5 årsverk. Me er lokalisert på kommunesenteret Sand i saman med eining teknisk.

Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?

Du likar prosess, plan- og utviklingsarbeid, har god samfunnsforståing, evne til analytisk tenking og interesse for samfunnsutvikling. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er også viktig.

Du likar å arbeide i samarbeid med offentlege, private og frivillige organisasjonar, og du samarbeider med personar i andre sektorar og på ulike nivå.

Du har erfaring med arbeid etter plan- og bygningslova og gjerne noko juridisk kompetanse.

Kva kan me tilby som arbeidsplass?

Me tilbyr eit spennande og variert arbeidsmiljø med engasjerte kollegar.

  • Moglegheit til å jobbe med ulike oppgåver innan areal- og samfunnsplanlegging
  • Fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Fleksibel arbeidstid og gode lønns- og pensjonsvilkår.
  • Unike ordningar for kompetanseutvikling og utdanning. Vil du utvikla deg i ein retning, og me deler draumen din – er me gjerne med og støttar deg på vegen.
  • Ønskjer du å prøvebu i Suldal? Me skjønar godt at det å busetta seg i Suldal ikkje er ein beint fram sak for alle. Me kan difor tilby deg å leige bustad først, som du kan få tilbod om å kjøpa seinare – om du trivst hos oss.
  • Fleksibel arbeidstid og avspaseringsordningar. Treng du å begynne seinare fordi du skal levera i barnehagen? Treng du fri ein fredag for å ta ein langhelg på hytta? Ingen problem! Me forstår at det kan vera viktig å ha rom for fleksibilitet i ulike fasar av livet og det får du gjennom våre fleksitidsordningar og høve til avspasering.
  • Stillinga blir plassert under stillingskode 8530 rådgjevar

Det er mange andre godar ved å arbeida hos oss, trykk på denne lenka for å lese meir om dei.

https://www.suldal.kommune.no/bu-og-jobba-i-suldal/

Kva gjer ein areal- og samfunnsplanleggar i Suldal kommune?

Me er til for alle innbyggarar og interesser i kommunen, medrekna kommande generasjonar. Me balanserer mellom vekst og vern, og lokale og nasjonale mål for areal – og ressursforvaltninga.

Du deltek i planlegging av store næringsprosjekt innan råstoffutvinning, havvind, vasskraft, eit mangfaldig landbruk i heile kommunen, og me skal sikre leveområde for villrein og villaks. Me sikrar god sakshandsaming med god kvalitet til rett tid, og varetek likebehandling og rettstryggleik til dei involverte.

Du bidrar i overordna planarbeid men og i sakshandsaming av enkeltsaker etter særlov.

Du får bidra i arbeid med bu-, bedrifts- og besøksattraktivitet i heile kommunen, og du blir ein sentral person i utviklingsarbeid og avgjerslegrunnlag for politikarar og kommuneleiing.

Du får bidra i Suldal kommune sitt aktive arbeid med FNs berekraftsmål og mål om å bli arealnøytral kommune.

Du utfører andre oppgåver i tråd med eininga sitt behov.

Kven søkjer me?

  • Har relevant utdanning på mastergradsnivå innan samfunnsplanlegging, samfunnsgeografi, statsvitskap, landskapsarkitekt, natur og miljø, anna planfagleg kompetanse m.m. Brei erfaring innan liknande fagfelt kan kompensera for utdanningskrav.
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med planlegging i offentleg eller privat sektor
  • Har god kunnskap om plan- og bygningslova og andre relevante lover og forskrifter
  • Har god samfunnsforståing, evne til analytisk tenking og interesse for samfunnsutvikling.
  • Gode datakunnskapar, ynskjeleg med kompetanse innan geografiske informasjonssystem (GIS)
  • Har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane. 

Andre opplysningar

  • Me etterspør dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold ved innkalling til eit eventuelt intervju. Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg til søknaden
  • Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett må ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt på tlf 52 79 22 00

Suldal kommunen gjer merksam på at søkjarlistene kan vera offentleggjorde.

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Om arbeidsgiveren

Suldal kommune Bygdeutvikling
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.

Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.

Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Sandsvegen 122, 4230 Sand
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger,
Samfunnsviter
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

areal- og samfunnsplanleggar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Dagfinn Svadberg Hatløy
Stillingstittel
Einingsleiar
Mobil
99 50 50 94
Følg firma
11 følger dette firmaet

Sandsvegen 122, 4230 Sand

Annonseinformasjon

FINN-kode 343854674
Sist endret 23. apr. 2024 14:08

Rapporter annonse