Utløpt

Assisterande kyrkjeverje / kontorleiar

Arbeidsgiver
Voss kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Assisterande kyrkjeverje i heil stilling
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Voss kyrkjelege fellesråd skal tilsetje assisterande kyrkjeverje/kontorleiar i fast heil stilling. Stillinga vil ha ei sentral rolle i fellesrådets administrative leiing og med utvikling av organisasjonen, og stillinga vil vere i tett samarbeid med kyrkjeverje. Det trengs ein handlekraftig og strukturert person med gode samarbeidsevner.

Kyrkjekontoret for Voss, i Uttrågata 5, er knutepunkt for kyrkjelege tenester i Voss herad. Kontoradministrasjonen består av dagleg leiar (kyrkjeverje), assisterande kyrkjeverje/ kontorleiar , og tre sekretærar i deltid. Fellesrådet har ansvar for over 25 medarbeidarar, 7 kyrkjebygg, og forvalting av 8 gravplassar. Det er 6 sokn i fellesrådsområdet. Det er eit høgt aktivitetsnivå, aktivt gudstenesteliv og mange frivillige medarbeidarar.

Arbeidsoppgaver

Ansvar for budsjett –, rapporterings – og økonomiarbeid i fellesrådet, i dialog med kyrkjeverja.
Utarbeide mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen i samarbeid med kyrkjeverja.
Ivareta arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette i fellesrådet.
Ansvar for arbeidet med helse, miljø og tryggleik.
Ansvar for gravplassforvaltinga i samarbeid med kyrkjeverja.
Sakshandsaming til fellesrådet.
Deltaking i strategi-, plan- og utviklingsarbeid.
Vere vikar for kyrkjeverja.
Andre administrative oppgåver.

Kvalifikasjoner

Me søkjer etter ein person med dokumentert erfaring / kompetanse innan leiing, rekneskap/økonomi – og personalarbeid.
Relevant utdanning på høgskule / universitetsnivå.
God IKT-kompetanse og gjerne erfaring med bruk av ulike fagsystem innan offentleg forvalting.
God skriftleg og munnleg formuleringsevne.
God gjennomføringsevne.
Det er ein fordel å ha god kunnskap om offentleg forvalting.
Du må vere budd på å veksle mellom mange ulike arbeidsoppgåver innanfor ein arbeidsdag.

Personlige egenskaper

Du må ha gode samarbeidsevner og leiareigenskapar.
Du må kunne arbeide strukturert og effektivt.
Du må ha eit positivt engasjement for kyrkja sitt arbeid og kunne identifisere seg med kyrkja sitt oppdrag.
Du må vere imøtekomande og kunne kommunisere godt med publikum.
Vere løysingsorientert.
Kunne arbeide sjølvstendig og i team.
Kunne vidareutvikle eksisterande arbeidsmåtar og rutinar.
Stillinga krev god mellommenneskeleg kompetanse, og difor vert det lagt ekstra vekt på personlege eigenskapar.

Den tilsette må vere medlem i Den norske kyrkja.

Vi tilbyr

Løn etter avtaleverket for kyrkjeleg sektor. (KA)
Sjølvstendige, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver.
Godt og inkluderande arbeidsmiljø med stor aktivitet.
Kurs og etterutdanning etter avtale.
Løn, pensjon og arbeidstilhøve i fylgje tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
Pensjonsordning i KLP.

Om arbeidsgiveren

    

Sektor
Offentlig
Sted
Uttrågata 5, 5700 Voss
Bransje
Kirke og menighet
Stillingsfunksjon
Annet
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Svein Tøsse
Stillingstittel
kyrkjeverje
Telefon
95 97 99 05
Kontaktperson
Vibeke Rasdal
Stillingstittel
kontorleiar
Telefon
92 24 52 74
Følg firma
175 følger dette firmaet

Uttrågata 5, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 343852991
Sist endret 23. apr. 2024 13:36

Rapporter annonse