Utløpt

Prosjektmedarbeidar MoveEarly

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Prosjektmedarbeidar MoveEarly
Frist
03.04.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Prosjektmedarbeidar MoveEarly

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 2 mellombelse stillingar som prosjektmedarbeidar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillingane inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Sogndal og er ledig i tida 01.08.2024 - 31.07.2025.

Inntil 2 mellombelse stillingar betyr at stillingane kan vere 2 på 100% eller fleire stillingar som til saman utgjer 200%.

Om stillingane:

MoveEarly er eit stort forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for å fremje bevegelse, leik og utforsking i barnehagen. Målet er å utvikle ein pedagogisk praksis som sikrar eit rikt miljø for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen, utvikle gode løysingar for kompetanseutvikling for tilsette og undersøke effekten av denne pedagogiske tilnærminga på barns fysiske aktivitet, utvikling, læring og trivsel. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Campus Sogndal. Prosjektet gjennomførast i samarbeid mellom forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking. Prosjektmedarbeidarane vil ha sin arbeidsstad/tilknyting i Bergen. Noko reising mellom campus Sogndal og Bergen må reknast med.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Planlegge, koordinere og gjennomføre datainnsamling

  • Plotte, bearbeide og kvalitetsvurdere data

  • Utvikle og drifte nettressursar

  • Kommunisere med barnehagar

  • Gjennomføre andre oppgåver ved behov


Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Mastergrad innan idrettsvitskap, barnehagekunnskap, helsefag, folkehelse eller tilsvarande
  • Erfaring med testing og datainnsamling knytt til fysisk aktivitet, fysisk form, motorikk, sjølv-regulering, akademisk læring, trivsel og/eller kreativitet hjå barn
  • Førarkort klasse B
  • God IT-kompetanse
  • Flytande skriftleg og munnleg norsk

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt

  • Har erfaring med handtering av forskingsdata

  • Har erfaring frå arbeid i barnehage

  • Har erfarng med utvikling og/eller drifting av nettressursar

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med vaksne og barn

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel og løysingsorientert

  • Høg etisk medvet er påkravd


Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prosjektmedarbeidar er løna etter Statens lønsregulativ, stillingskode 1113.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Professor Evind Aadland, tlf.: 57 67 60 86, e-post: eivindaa@hvl.no    

2) Instituttleiar Frode Fretland, tlf.: 57 67 63 78, e-post: frode.fretland@hvl.no


Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 176500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er óg ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir óg undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod. Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frode Fretland
Stillingstittel
Instituttleiar
Telefon
57 67 63 78
Følg firma
966 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 343837825
Sist endret 23. apr. 2024 11:44

Rapporter annonse