Utløpt

Vil du koordinere EU-prosjektet "Hydrogen Centres of Vocational Excellence"?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar - prosjektleiar for EU-prosjekt
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Er du ein av dei som er overtydd om at vi må samarbeide internasjonalt for å utvikle rett kompetanse for framtida? Vestland fylkeskommune har saman med regionale partnarar fått innvilga ein søknad om bygge økosystem for framifrå yrkesutdanning på hydrogen (H2CoVE) under EU sitt program for livslang læring, Erasmus+. Hydrogen er ei av dei nye grøne verdikjedene kor næringslivet i Vestland har spesielle føresetnader for å lukkast. Mange av dei grøne hubane i Vestland som skal vere spydspissen i den grøne omstillinga, har planer om å gå i gang med produksjon av hydrogen. No skal vi byggje kompetanse langs heile verdikjeda i tett samarbeid med partnarar i Europa som ligg langt fram på dette feltet. Vi søkjer no etter prosjektleiar for dette spennande og ambisiøse samarbeidsprosjektet, H2CoVE.

Dette er ei fast stilling og etter at prosjektperioden er over vil du få andre spanande oppgåver i avdeling for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver:

  • Leie prosjektet med 19 partnarar frå fem land og seks arbeidspakkar
  • Ha overordna ansvar for aktivitetar, framdrift og leveranser
  • Sikre kvalitet i leveransane i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og leiarane for arbeidspakkane
  • Leie møte med leiarane for arbeidspakkane og regionale koordinatorar
  • Ha god økonomistyring for prosjektet som heilskap og bistå partnarane i styringa av dei regionale prosjekta
  • Utvikle og halde prosjektområdet i Sharepoint oppdatert for heile partnarskapen
  • Ha ansvar for rapportering av prosjektleveransar til EU, prosjektet si styringsgruppe og leiinga i avdeling for Næring, plan og innovasjon
  • Samarbeide med Høgskulen på Vestlandet og andre regionale partnarar og aktørar for å sikre eit godt regionalt prosjekt
  • Samarbeide internt i avdelinga for Næring, plan og innovasjon for å kople aktivitetar på tvers av fagområda

Kvalifikasjonar

  • Minimum mastergrad, gjerne kombinasjon av energirelaterte fag og samfunnsfag/økonomifag
  • Erfaring frå å leie store prosjekt, fortrinnsvis EU-prosjekt til dømes Interreg, Horisont Europa eller Erasmus+
  • Kjennskap til lokalt næringsliv i Vestland og grøn omstilling
  • Flytande norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • God forståing for økonomistyring
  • Gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar

  • Evne til å bygge relasjoner
  • Evne til å sjå heilskapen og tematiske koplingar
  • Drivkraft til å leie prosessar og følgje opp partnarar
  • Oppteken av måloppnåing
  • God gjennomføringsevne
  • Gode kommunikasjonevner

Vi tilbyr

  • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø. Vi er opptekne av vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
  • løn etter avtale
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • fleksibel arbeidstid
  • interessante faglege nettverk både internt og eksternt
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kontorstaden er fylkeshuset i Leikanger eller Vestlandshuset i Bergen

Andre opplysningar:

  • Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Lars Hillesgate 22, 5008 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Analyse,
Prosjektledelse,
Rådgivning
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

INTERNASJONAL, EU-PROGRAM, ERASMUS+, DET GRØNNE SKIFTET, PROSJEKTLEDELSE

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kathrin Jakobsen
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
98 25 52 53
Følg firma
1075 følger dette firmaet

Lars Hillesgate 22, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 343831683
Sist endret 23. apr. 2024 11:00

Rapporter annonse