Utløpt

Innovasjonsrådgjevar

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Innovasjonsrådgjevar

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, har ledig stilling som innovasjonsrådgjevar ved fakultetsadministrasjonen

 

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS), er det ledig ei fast stilling som innovasjonsrådgjevar (rådgjevar/seniorrådgjevar). Stillinga er knytt til fakultetsadministrasjonen, og ei faggruppe som jobbar med å utvikle innsatsområdet innovasjon og regional utvikling ved fakultetet. Fakultet ønskjer å ha ei sentral rolle innan samfunnsutvikling og nyskaping på Vestlandet. Teknologi speler ei viktig rolle på dei fleste samfunnsområde og er svært ofte ein drivar for innovasjon og omstilling. Innovasjonsrådgjevaren skal mellom anna jobbe med å fremje kunnskapsdeling med nærings- og samfunnsliv innan våre faglege profilområder, og slik bidra til å gjere fakultetet til ei drivande kraft for innovasjon på Vestlandet.


Arbeidsstad vil vere campus Bergen eller Haugesund, men ein må rekne med noko reiseverksemd.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

 

  • Mobilisere til auka bruk av forskingsbasert innovasjon i bedrifter i regionen og bidra til å identifisere kompetansebehov, blant anna gjennom prosjektet FORREGION Vestland.
  • Støtte opp om institutta i FTMS sitt arbeid med livslang læring, med særleg fokus på å styrke det fleksible og desentraliserte utdanningstilbodet.
  • Bidra i samhandling med regionale, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, og vere eit bindeledd mellom institutta i FTMS og nærings- og arbeidsliv i regionen, for å sikre at HVL bidrar til regional utvikling.
  • Bidra til å utvikle innsatsområdet innovasjon og regional utvikling ved fakultetet.
  • Ein kan òg bli pålagt andre utviklingsprosjekt og administrative oppgåver.
  • Interesse og innsikt i teknologiutvikling

 


Kvalifikasjonskrav:

Utdanning og kompetanse:

  • Master, eller tilsvarande, med relevans for den utlyste stillinga
  • Erfaring frå, eller god kunnskap om, forsking og/eller innovasjonsprosessar
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren og/eller privat næringsliv
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • God gjennomføringsevne og løysingsorientert
  • God på kommunikasjon og samhandling

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som innovasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - rådgjevar eller 1364 - seniorrådgjevar, etter kvalifikasjonar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no (http://www.nokut.no) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan gjera seg gjeldande i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av moglege justeringar i HVL si interne organisering.


Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Prosjektledelse,
Undervisning og pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Henning Norheim
Stillingstittel
Administrasjonssjef
Kontaktperson
Rannveig Litlabø
Stillingstittel
Førsteamanuensis
Følg firma
966 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 343741062
Sist endret 22. apr. 2024 16:12

Rapporter annonse