Utløpt

Prosjektleiar investeringsprosjekt

Arbeidsgiver
Stad kommune
Stillingstittel
Prosjektleiar investeringsprosjekt
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Stad kommune har ledig 100 % stilling som prosjektleiar for investeringsprosjekt for Stad kommune. Prosjekta omfattar kommunale utbyggings- og utviklingsprosjekt i hovudsak innanfor eigedom og kommunalteknikk. Stillinga er plassert i eining for kommunalteknikk.

Prosjektleierane arbeider i team saman med andre rådgjevarar/prosjektleiarar, entreprenørar og andre tilsette i Stad kommune. Vi har også eit tett samarbeid med Stad Eigedomsutvikling KF ved utvikling av kommunale næringsareal.

Den som vert tilsett i stillinga kan velje om ein vil ha oppmøtestad på rådhuset på Nordfjordeid eller på kommunehuset i Selje.


Arbeidsoppgåver

  • Leie ulike investeringsprosjekt frå planlegging til overlevering av ferdig bygg/anlegg
  • Prosjektere og utarbeide førebels kostnadskalkyler for prosjekt
  • Utarbeide konkurransegrunnlag for ulike investeringsprosjekt
  • Delta i tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • Økonomistyring og sakshandsaming knytt til prosjekta
  • Førebu saker til politisk handsaming
  • Anna utgreiings- og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant bachelor-/mastergrad innanfor fagområda vatn, avløp, overvatn, bygg, eigedom eller anlegg.
  • Du har gjerne prosjektleiarerfaring, men oppfordrar også nyutdanna til å søkje
  • Du har god kunnskap om og erfaring med reglverk innan områda bygg/anlegg, offentlege anskaffingar og Norsk Standard (NS) for entrepriser
  • Du har kjennskap til offentleg forvaltning
  • Du har god forståing for og erfaring med moderne IKT- verktøy
  • Du har god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk
  • Du har førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert, serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner og er omgjengeleg
  • Du trivast med høgt arbeidstempo
  • Du likar å samarbeide med andre men må også kunne arbeide sjølvstendig

Tidlegare relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • Eit dynamisk og spennande tverrfagleg fagmiljø
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Dyktige og hyggelege kollegaer
  • Fleksitidsordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Flyttegodtgjersle om du vil flytte til kommunen vår

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med prosjektkoordinator Merete Nerland eller einingsleiar Hilde Hovden.


Om arbeidsgiveren

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Ingeniør, Offentlig forvaltning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hilde Hovden
Stillingstittel
einingsleiar kommunalteknikk
Telefon
92 61 28 55
Kontaktperson
Merete Nerland
Stillingstittel
prosjektkoordinator kommunalteknikk
Telefon
97 99 04 40
Følg firma
4 følger dette firmaet

Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

Annonseinformasjon

FINN-kode 343707185
Sist endret 22. apr. 2024 12:28

Rapporter annonse