Utløpt

Vil du jobbe med eit av Noregs viktigaste klimaprosjekt, Langskip?

Arbeidsgiver
Energidepartementet
Stillingstittel
Rådgiver/seniorrådgiver - jurist
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ENERGIDEPARTEMENTET

Førstekonsulent/rådgiver - jurist

Om stillinga

Fangst og lagring av CO2 er prioritert i norsk klimapolitikk. Dette arbeidet er tett knytta til bygginga av Langskip, det norske demonstrasjonsprosjektet for fangst, transport og lagring av CO2.

I CCS-seksjonen i Avdeling for klima, industri og teknologi er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar. Vi søker etter ein engasjert, analytisk og strukturert person som kan bidra i eit krevjande og viktig arbeid i skjeringspunktet mellom energi, klima og politikk.

CCS-seksjonen har ansvaret for å følge opp arbeidet med Langskip og regjeringa sin politikk for CO2-handtering. Seksjonen følger opp Teknologisenteret på Mongstad (TCM) og har ansvar for eigaroppfølging av Gassnova SF. Arbeidsoppgåvene vil vere innanfor alle oppgåvene til seksjonen. Den som blir tilsett vil få ei sentral rolle i å følgje opp statsstøtteavtalane med Northern Lights, Heidelberg Materials og Celsio, eigaroppfølging av Gassnova og statsstøtterettslege spørsmål knytta til seksjonens ansvarsområde.


Naudsynte kvalifikasjonar

  • Master i rettsvitskap med gode resultat
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Interesse og forståing for energipolitikk og næringsliv

Tilsette i Energidepartementet må kunne autoriserast for tilgang til informasjon etter sikkerhetsloven. For meir informasjon om autorisasjon, sjå her (https://www.jobbienergidepartementet.no/rekrutteringsprosessen/#autorisasjon-og-sikkerhetsklarering-1).

Vi gjer bakgrunnssjekk på kandidaten som skal tilsetjast. Tilsetting føreset at denne blir godkjend.


Personlege eigenskapar

  • Evner til tverrfagleg samarbeid og heilskapstenking
  • Analytiske evner, evne til å arbeide sjølvstendig, samt følge opp og nå fastsette mål
  • Nysgjerrig, lærevillig og godt humør

Vi tilbyr

  • Interessante og utfordrande oppgåver i eit dynamisk, tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø
  • Spennende problemstillingar i kryssingsfeltet energi, klima og politikk
  • Fleksibel arbeidstid, lønna overtid, god pensjonsordning
  • Lønnsspenn kr.  540 500 - 650 000. Høyere lønn kan vurderes for spesielt kvalifiserte søkere. Legg inn informasjon

Kontaktpersonar

Nærare opplysningar ved avdelingsdirektør Alexander Engh tlf. 451 99 809.


Generell informasjon

Positiv særbehandling

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, "hol" i CV eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å kunne bli positivt særbehandla må søkjar oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten). Vi ber søkjarar om å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, "hol" i CV, eller innvandrarbakgrunn. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk for alle statlege verksemder i sine årsrapportar.

Erklæring om mangfald

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar ved behov. Det kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Om arbeidsgiveren

Energidepartementet si hovudoppgåve er å tilrettelegge ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvalting av energiressursane.
Departementet har også ansvar for forvaltning av mineralforekomster på kontinentalsokkelen.

Sektor
Offentlig
Sted
Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
389 følger dette firmaet

Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 343703542
Sist endret 22. apr. 2024 12:00

Rapporter annonse