Utløpt

Vil du jobbe med livslang læring i eit ekspansivt miljø?

Arbeidsgiver
Norges Handelshøyskole (NHH)
Stillingstittel
Programkoordinator (seniorkonsulent)
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Programkoordinator (seniorkonsulent)

Om stillinga og avdelinga

Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert programkoordinator for våre etter- og vidareutdanningstilbod. NHH Executive har hatt betydeleg vekst i både omsetnad og studietilbod, og vi ser behovet for å utvide vårt team.

Som programkoordinator vil du hovudsakeleg vere administrativt ansvarleg for våre program for verksemder. Du vil jobbe tett med både administrative og vitskapelege ressursar for å utvikle og gjennomføre ulike tilbod.  Du vil og bidra i kvalitetsarbeid, inn mot NHH si “triple crown"-akkreditering.

NHH Executive er NHHs avdeling for etter- og vidareutdanning og har ei variert portefølje av vidareutdanning i finans, erfaringsbaserte mastergrader og Executive MBA. Avdelinga har 13 tilsette og har kontor ved NHH i Bergen. Mykje av undervisninga og mange av samlingane til de ulike programma går likevel føre seg i NHH-miljøet sine eigne lokaler i Oslo. 


Hovudoppgåver 

  • planlegge og koordinere studieprogram for verksemder og andre delar av NHH Executive si portefølje
  • utvikle og forbetre administrative rutiner og prosedyrer
  • arbeide proaktivt med kvalitetsutvikling 
  • bidra til utvikling av NHHE sine tilbod innan aktuelle fagområde
  • følgje opp økonomien i driftinga av programma

Arbeidsoppgavene vil kunne endre seg over tid.


Kvalifikasjonskrav

  • utdanning frå universitet eller høgskule, minimum på bachelornivå (relevant realkompetanse kan i særlege tilfelle erstatte utdanningskravet)
  • erfaring med koordinering og tilrettelegging
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • gode digitale ferdigheiter

Det er en fordel om du har

  • erfaring frå universitets- og høgskolesektoren
  • studieadministrativ erfaring
  • økonomiforståing

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • er god til å organisere, er strukturert og har sans for detaljar
  • er serviceorientert og samarbeider godt med ulike menneske
  • har god forretningsforståing
  • trivst med å jobbe i eit hektisk og utviklingsorientert miljø

NHH tilbyr

  • jobb i en organisasjon som utfører spennande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
  • varierte faglege utfordringar 
  • eit godt og triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer 
  • fleksibel arbeidstidsordning og inkluderande arbeidsliv 
  • gode forsikrings-, pensjons-, og låneordningar i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no)
  • velferdsgoder som subsidiert trening ved Sammen og bedriftshytte

Stillinga har kode 1363 seniorkonsulent og er lønna etter statens regulativ frå kr 524 300 - 600 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert. Eit pensjonsinnskot på to prosent blir trekt frå lønna. I tillegg betalar NHH for tida eit pensjonsinnskot på 10 prosent. 


Generell informasjon

NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte, om å søke stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hull i CV-en. 

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å få bli unnateken frå søkarlista. Søkarar vil bli informert om dette på førehand. 

Kontakt gjerne seksjonssjef Roald Valle, roald.valle@nhh.no, tlf. 455 01 624 dersom du har spørsmål om stillinga.

Søknadsfrist: 24.03.2024.

 Søknad, CV, vitnemål og attester sendes elektronisk via Jobbnorge.


Om arbeidsgiveren

Noregs handelshøgskole (NHH) er ein av dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi er internasjonalt akta for forskingsmiljøet vårt, og vi utdannar framtidas økonomar og leiarar. NHH er førstevalet til studentar som skal ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg. Vi har om lag 3 600 studentar og 450 tilsette.På NHH arbeider vi saman for berekraftig verdiskaping.
Høg kvalitet, solid etisk standard og innsats for felles mål pregar all verksemda vår. Høgskolens kjerneverdiar engasjert, open og ambisiøs står sentralt for tilsette og studentar.NHH – for deg som vil noko meir!

Sektor
Offentlig
Sted
Helleveien 30, 5045 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Koordinering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
234 følger dette firmaet

Helleveien 30, 5045 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 343407140
Sist endret 20. apr. 2024 13:24

Rapporter annonse