Utløpt

Sommarjobb i Vestland fylkeskommune

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Sommarjobb i Vestland fylkeskommune
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Er du over 16 år og på leit etter sommarjobb?

Fylkeskommunen har mange bygg som som treng vask og vedlikehald i sommar, og vi er på leit etter deg som likar å ta i eit tak i praktisk arbeid.

Så lenge du har fylt 16 år kan du søke! Det spelar inga rolle om du ikkje har arbeidserfaring frå før. Om du har hatt sommarjobb hjå oss før er du også velkommen til å søke igjen.


Arbeidsoppgåver

Vi kan tilby sommarvikarane våre variert arbeid der nokre av hovudoppgåvene går mellom anna ut på hovedreingjering, måling, plenklipping og andre oppgåver knytt til drift og vedlikehald av dei fylkeskommunale bygga våre.

Når du leverer søknaden må du svare på kva veker du kan jobbe og i kva geografisk område du ynskjer å vere. Du kan huke av for fleire veker og fleire plassar i same søknad.

Kvalifikasjonar

  • Jobbane vert fordelt til undom over 16 år
  • Du må forstå og snakke grunnleggjande norsk

Personlege eigenskapar

Du må

  • vere motivert for å arbeide
  • trivast i samarbeid med andre
  • ha godt humør og pågangsmot
  • vere påliteleg og pliktoppfyllande
  • vere tilgjengeleg i minimum tre veker (samanhengande eller i fleire omgangar/periodar)

Kva får du ved å jobbe hjå oss?

Ved å ha sommarjobb hjå oss får du verdifull jobberfaring som kjem godt med på CV-en din når du skal søke jobb i framtida.

Du får løn i samsvar med tariffavtale i offentleg sektor. Er du mellom 16-18 år er timeløna 162,09kr. Er du over 18 år er timeløna 180,10 kr.

Du kan få ansiennitetstillegg (erfaring) etter reglane i tariffavtalen.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
51
Sted
Lars Hilles gate, 5008 Bergen
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Renhold
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

sommarjobb, sommerjobb

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
HR-seksjonen
Stillingstittel
None
Følg firma
1075 følger dette firmaet

Lars Hilles gate, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 343301788
Sist endret 19. apr. 2024 15:28

Rapporter annonse