Utløpt

Serviceinnstilt rådgjevar/seniorrådgjevar

Arbeidsgiver
Energidepartementet
Stillingstittel
Kontorstøtte for øverste leiing
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ENERGIDEPARTEMENTET

Kontorstøtte for øverste leiing

Om stillinga og arbeidsoppgåver

Statsrådseksjonen er ei lita eining som støttar den politiske leiinga og departementsråden i deira arbeid. Kontoret dekker sentrale servicefunksjonar for politisk leiing og departementsråd.

Dette inneber mellom anna førebuing til regjeringskonferansar, statsråd og statsrådens deltaking i Stortinget. Dette skjer i nært samarbeid med fagavdelingane i departementet, andre departement og Stortinget. Andre oppgåver er ajourhald av avtalar, betening av eksterne og interne førespurnader og koordinering av reiser og møter. Statsrådseksjonen skal vere eit lite og tett team som samarbeider godt og dekker opp for kvarandre ved behov.

Arbeidsoppgåver

Medarbeidaren skal arbeide med kontorstøtte og servicefunksjonar for politisk leiing og leiinga i departementet. Leiinga har ein innhaldsrik og travel kvardag med behov for løpande oppdateringar av kalender og støtte i førebuinga av aktivitetar utanfor departementet. Øvrige oppgåver knytta til departementsrådens kontor etter behov.


Kvalifikasjonar

Kvalfikasjonar

  • Relevant utdanning på bachelorgradsnivå. I spesielle tilfelle kan særleg relevant erfaring vege opp for utdanningskravet
  • Erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver, og eit arbeidsmiljø prega av høgt tempo og som har krevd forståing for administrasjon og service
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Evne til å sette seg raskt inn i nye oppgåver og problemstillingar
  • God kjennskap til offentleg sektor og sentralforvaltninga
  • Kjennskap til avgjerdsprosessane i regjeringa er ein fordel

Kven søkjer vi?

For å lukkast i denne jobben bidreg du til eit sømlaust samarbeid mellom politisk leiing, fagavdelingane og administrasjonen. Arbeidsmiljøet er prega av høgt tempo, og tidvis også av uforutsigbarheit, tidspress og handtering av endringar. Du tilnærmar deg dette ved å yte god service, vere omgjengeleg og ansvarsbevisst. Samtidig tek du initiativ, evnar å drive prosessar framover og å sette deg inn i nye oppgåver og problemstillingar. Du evnar å arbeide sjølvstendig, men samtidig å ha tett dialog med dei rundt deg. Du har god rolleforståing og bidreg aktivt i samarbeidet internt i seksjonen og mot avdelingane.

Den som blir tilsett må kunna tryggleiksklarerast etter tryggingslova.


Vi tilbyr

  • Interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit dynamisk, tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn frå kr. 510 000-750 000 (rådgjevar/seniorrådgjevar)

I tillegg får du alle goda ved å vere tilsett i staten. Det er mellom anna fleksitid, løna overtid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, noko som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Du får også moglegheit til å trene i arbeidstida.


 Generell informasjon

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Energidepartementet meiner inkludering og mangfald er ein styrke, og ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til å løyse oppgåvene våre endå betre. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrar bakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene må du oppfylle visse krav og krysse av for det i jobbsøkjarportalen. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Bakgrunnssjekk

Energidepartementet samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar i utvalde stillingar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Offentleg søkjarliste

Opplysningar om søkjarane kan offentleggjerast sjølv om du har bede om å bli unntatt frå søkjarlista, i samsvar med offentleglova § 25.


Om arbeidsgiveren

Energidepartementet si hovudoppgåve er å tilrettelegge ein samordna og heilskapleg energipolitikk.
Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvalting av energiressursane.

Sektor
Offentlig
Sted
Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid,
Kontor og administrasjon / Sekretær,
Kontor og administrasjon / Personlig assistent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Cathrine Helseth Sparre
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
91 64 94 65
Følg firma
389 følger dette firmaet

Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 343284830
Sist endret 19. apr. 2024 13:20

Rapporter annonse