Utløpt

Fagseksjonsleiar

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Fagseksjonsleiar ved fagseksjon Master kunnskapsbasert praksis i helsefag
Frist
03.04.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Fagseksjonsleiar ved fagseksjon Master kunnskapsbasert praksis i helsefag

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 4-årig åremålsstilling i 100% som fagseksjonsleiar Master i kunnskapsbasert praksis i helsefag

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse og funksjon, Fagseksjon master i kunnskapsbasert praksis i helsefag. Tilstredelse i stillingen er 01.08.2024.

Fagseksjonsleiar vil ha ansvar for utdanning og fagmiljø knytt til Master i kunnskapsbasert praksis i helsefag.

Fagseksjonsleiar er ein del av leiinga ved Institutt for helse og funksjon, og har eit medansvar for samarbeid og utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sine målsetjingar og strategi.

I tillegg vil fagleg arbeid, som til dømes undervisning og forsking, vere ein del av stillinga. Det faglege arbeidet er i hovudsak knytt til eigen fagseksjon.

Arbeidsstaden er campus Bergen.


Ansvars- og arbeidsområde:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor fagseksjonen sine område
  • Ansvar for dagleg drift av studium og utvikling av eit godt læringsmiljø
  • Ansvar for arbeidsplanar for tilsette i fagseksjonen
  • Personal- og HMS-ansvar for fagseksjonen sine tilsette
  • Sikre at studieplanane er i samsvar med fastsette krav og vidareutvikle kvalitet og relevans i studieprogramma
  • Bidra til samarbeid og fagutvikling på tvers av fagseksjonar og institutt
  • Bidra til å utvikle forskingsbasert utdanning
  • Arbeide for internasjonalisering av utdanning og forsking
  • Systematisk kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanningane og fylgje opp studentevalueringar og andre tilbakemeldingar med sikte på at studentane lukkast i utdanningane
  • Medverke til god rekruttering av studentar og tilsette
  • Bidra til å vidareutvikle relasjonane til samarbeidspartnarar knytt til fagseksjonen sine utdanningar og fagområde
  • Tilrettelegge for at tilsette deltek i forskingsgrupper på tvers av fagseksjonar og institutt
  • Ansvarleg for at fagseksjonen sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og føremålstenleg bruk av fagseksjonen sine ressursar
  • Bidra med undervisning og rettleiing av studentar ved behov

Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL eller fakultetet.

Mynde

  • Mynde i stillinga er delegert frå instituttleiar, og fagseksjonsleiaren rapporterer til instituttleiar
  • Inngå i instituttet si leiargruppe og ha medansvar for god ressursbruk og utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sin strategi og målsetjingar

Kvalifikasjonar:

Formell utdanning og kompetanse

  • Ph.d. innan relevant fagområde
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor fagseksjonen sitt fagområde
  • Erfaring frå, og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi- og endringsarbeid blir vektlagt
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonar og praksisfelt som fagseksjonen femnar om er ein føremon

 

Generelle kompetansekrav

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

 

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings - og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

 


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg , attestar og vitnemål, er lagt inn innan fristen.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no (http://www.nokut.no) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. 

 Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som fagseksjonsleiar er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473, studieleder.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Gunnar Slettaløkken, telefon +47 55 58 37


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Ved Institutt for helse og funksjon er vi om lag 60 ansatte og 700 studenter med studiested i Bergen. Vi har bachelorutdanninger i ergoterapi, fysioterapi og radiografi. I tillegg har vi også masterstudium i klinisk fysioterapi med tre studieretninger, masterstudium i kunnskapsbasert praksis med tre studieretninger og tverrfaglig internasjonalt masterstudium i Healthy aging and rehabilitation. Forskning og formidling knyttet til disse fagområdene og utdanningsforskning er en viktig del av arbeidsoppgavene våre.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Professor/Førsteamanuensis

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
966 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 343284331
Sist endret 19. apr. 2024 13:16

Rapporter annonse