Utløpt

Prosjektleiar bygdevekstavtale for Fedje og Solund kommune

Arbeidsgiver
Solund kommune Samfunns- og næringsutvikling
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Fedje og Solund er to kommuneperler lengst vest i Vestland. Som reine øykommunar er sjøvegen viktig og har også bidrege  til at desse samfunna i stor grad fungerer som eigne bu- og arbeidsområde. Kommunane har mykje til felles, både når det gjeld tenester til innbyggjarane, infrastruktur og næringsgrunnlag.

Innbyggjarane våre har eit stort engasjement for lokalsamfunna sine, og denne krafta ynskjer vi å nytte slik at vi kan vere sterke øysamfunn også i framtida.

Vi vart nyleg tekne opp i regjeringa si satsing på Bygdevekstavtalar,  og søkjer no etter prosjektleiar i 100 % til dette arbeidet.

Det meste av 2024 skal nyttast til og definere prosjekt og målsetjingar for bygdevekstavtalen. Dette skjer i tett samarbeid med politisk og administrativ leiing i Fedje og Solund kommune og vil bli formalisert i ein avtale mellom KDD (Kommunal og distriktsdepartementet) og dei to kommunane. Så vil vi, saman med KDD, Vestland fylkeskommune, Statsforvaltar, Distriktssenteret, Husbanken og eventuelt andre samarbeidspartnarar, arbeide målretta med å oppnå resultatmåla som er fastsett i avtalen. Vi forventar å bruke 3-5 år på gjennomføringa.

Du som prosjektleiar vil, saman med dyktige medarbeidarar, leie arbeidet med å utarbeide målsetjinga i avtalen. Og vil, etter at avtalen er signert med KDD, leia prosjektet gjennom heile perioden. Prosjektleiar skal sørge for brei forankring, framdrift, budsjettansvar og bidra til at gode idear og løysingar kjem fram. Prosjektleiar rapporterer til styringsgruppa.

Omtale av prosjektet

Bygdevekstavtalane blir inngått mellom kommunane og staten. Avtalane skal bidra til busetting, tilgang på arbeidskraft og næringsutvikling i dei minst sentrale distriktskommunane. Fem nye pilotar skal få teste ut bygdevekstavtalar, og Fedje og Solund kommunar er ein av dei fem pilotane. 

I søknaden vår er det omtala fleire aktuelle problemstillingar ein vil arbeide med,  som t.d. rekruttering av arbeidskraft, infrastruktur, løysingar for bustadutvikling, utvikling av lokalt næringsliv mm. Arbeidet skal vise nye løysingar som har overføringsverdi til andre kommunar/ lokalsamfunn.

Om oss

Begge kommunane høyrer til sentralitetsklasse 6 og som øykommunar er vi avhengige av ferje eller båt for å få tilgang til eit rekkje tenester på fastlandet.

Busetjinga er derimot ulik i kommunane. Der Fedje har fast busetjing på ei øy, har Solund fast busetjing på femten øyar eller veglause stader. For mange av desse er det dei lokale båtrutene- som er bindeleddet med kommunesenteret.

Kommunane har aktive næringsaktørar og eit godt samarbeid med desse. Ut frå folketal er det ei stor breidde i frivillig arbeid og fritidstilbod,  og det er stort engasjement på mange område.

Om deg

Du er samfunnsengasjert og har tru på at det finst ei vekstkraft i små kommunar og lokalsamfunn. Du  møter dei ulike  samarbeidsaktørane med openheit og respekt, anten det gjeld lokale eller regionale aktørar.

Du er dedikert og evner å motivere og leie arbeidsgruppa. Du handterer "mange ballar i lufta" og evnar å ta desse ned og hjelpe oss med å prioritere.

Om du har kjennskap til politiske prosessar og offentleg forvaltning kan dette vere ei føremon. Du vil bruke tid på å bli godt kjent med lokalsamfunna våre.

Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vi tilbyr

Moglegheit til å arbeide med meiningsfulle oppgåver i eit "nybrottsarbeid" saman med mange engasjerte folk som vil gjere det dei kan for at vi skal lukkast saman!

Fleksibel og spennande arbeidssituasjon med kontorstad i begge dei flotte øykommunane.

Ein unik mogelegheit som prosjektleiar, til å arbeide med alle desse ressursane kommunane, KDD, Vestland fylkeskommune, Statsforvaltar, Distriktssenter, Husbanken og andre samarbeidspartnarar stiller til rådigheit.

Aktivt bidra til at våre kommunar blir ein enda betre plass å bu.

Løn, pensjon og andre vilkår etter avtale.

Om dette verkar spanande, slå gjerne på tråden til Jens-Eivind, kommunediektør i Solund kommune. Vi vil gjerne høyre frå deg!

 

Offentleg søkjarliste:

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

 

 

Om arbeidsgiveren

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Sektor
Offentlig
Sted
Hardbakke 26, 6924 Hardbakke
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Samfunnsviter

Nøkkelord

prosjektleder, utvikling, samfunnsutvikling, prosjektleiar, distrikt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jens-Eivind Kobbeltvedt
Telefon
95 81 43 00
Følg firma
9 følger dette firmaet

Hardbakke 26, 6924 Hardbakke

Annonseinformasjon

FINN-kode 343143548
Sist endret 18. apr. 2024 12:16

Rapporter annonse