Kontaktperson barnevern
- Arbeidsgiver
- Aurland kommune
- Stillingstittel
- kontaktperson barnevern
- Frist
- 31.05.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Om stillinga
Aurland og Lærdal barnevern har ledig 100% fast stilling som kontaktperson frå snarast. Me er ei interkommunal teneste som dekker kommunane Aurland og Lærdal. Aurland er vertskommune og me er organisert under kommunalområde oppvekst.
Du bør ha god relasjonskompetanse og evne til å samarbeide både med andre tenester og familiar. Oppmøtestad er Aurland rådhus, men arbeidet skal utførast begge kommunar.
Tenesta er med i eit læringsnettverk kring kompetanse og system for rettleiing, samt at me er aktivt deltakande i utviklingsprosessar på oppvekstområdet i begge kommunar. Me oppmodar om, og legg til rette for, relevant vidareutdanning.
Arbeids- og ansvarsområde
· Sakshandsaming etter Lov om barnevern
· Samtalar med barn, unge og vaksne
· Partsrepresentant i ulike rettsinstansar
· Samarbeid med aktuelle instansar kring barn og familiar
· Foreldrerettleiing
· Arbeidsoppgåvene kan endrast utifrå behov i tenesta
Me tilbyr
· Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
· Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Løn etter tariff
· Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
· Gratis inngang til symjehallen
· Hjelp til å skaffe bustad
· Hjelp til å skaffe jobb til partnar
Kvalifikasjonar
· Minimum bachelor i barnevern eller sosialt arbeid. Andre helse- og sosialfaglege utdanningar kan vere aktuelle, som t.d vernepleiar
· Det er ynskjeleg med relevant vidareutdanning / master
· God skriftleg framstillingsevne
· Relevant erfaring frå sakshandsaming og relasjonsarbeid
· God barnevernfagleg forståing
Personlege eigenskapar
· Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
· Du har god relasjonsforståing og eigenrefleksjon
· Du handterer stress og uventa hendingar
· Du er ansvarsbevisst og har evne til å ta avgjerder
· Du kan stå i rettleiing og prosessar over tid
· Du spelar på lag, tenker heilskap og samarbeid
· Du har ein open, tydeleg og respektfull kommunikasjon
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
· tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
· gode pensjons- og forsikringsordningar
· politiattest etter barnevernlova må leggast fram innan byrja i stillinga
· førarkort kl. B
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Om arbeidsgiveren
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vere Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er 1 800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
- Nettverk
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Vangen 1, 5745 Aurland
- Bransje
- Barn, skole og undervisning,
- Helse og omsorg,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Barnevernspedagog,
- Omsorg og sosialt arbeid,
- Sosionom
- Arbeidsspråk
- Norsk
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Anja Brekke Moldvær
- Stillingstittel
- barnevernleiar
- Telefon
- 90 88 48 63
- Mobil
- 90 88 48 63
Vangen 1, 5745 Aurland