Utløpt

Vil du jobbe med økonomiforvaltning i eit spennande departement?

Arbeidsgiver
Energidepartementet
Stillingstittel
Energidepartementet søkjer økonom/controller
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ENERGIDEPARTEMENTET

Arbeidsoppgåver

Det er ønskjeleg at du kan bidra i eit breitt spekter av oppgåvene til økonomi- og administrasjons avdelinga, og oppgåvene blir nærmare definerte ut frå kva erfaring, interesse og kompetanse du har. Arbeidsområda omfattar varierte oppgåver innanfor budsjett, rekneskap, økonomistyring, lønnsprosessar og analyse

Aktuelle oppgåver vil vere: 

  • bruke lønns- og rekneskapssystema betre til budsjett- og rekneskaps oppfølging, rapportering, prognosar, økonomisk analyse, og så vidare
  • initiere og gjennomføre kvalitetssikring og forbetring av interne prosessar og rutinar innanfor løn- og rekneskapsområdet og oppfølging av avtalar
  • utarbeide styringsdata, rapportar og analysar på økonomi- og personalområdet
  • drive internkontroll og utviklings- og prosjektarbeid innanfor økonomiforvaltning
  • ha utstrekt kontakt og samarbeid med andre seksjonar i avdelinga

Kvalifikasjonar

Du har

  • relevant bachelorgrad eller tilsvarande med økonomi i fagkretsen
  • erfaring innanfor økonomi eller rekneskap, fortrinnsvis frå statleg eller offentleg sektor
  • god kjennskap til rekneskapsprinsipp, -standardar og -prosessar med vidare
  • sterke analytiske ferdigheiter og evne til å arbeide med og tolke data
  • erfaring med løns- og rekneskapsprogramvare og økonomiske verktøy
  • god talforståing og digital kompetanse, kunnskapar i Excel og fortruleg med bruk av IT-verktøy
  • pedagogiske evner og kommunikasjonsferdigheiter gjennom god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Vi bruker lønstenestene (SAP) og rekneskapstenestene (Unit4 ERP) til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring. Det er difor ein fordel om du har erfaring med bruk av desse tenestene og systema.

Den som blir tilsett, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon etter tryggingslova. Sjå her for meir informasjon om autorisasjon. (https://eur02.safelinks.protection.outlook.com/?url=https%3A%2F%2Fwww.jobbienergidepartementet.no%2Frekrutteringsprosessen%2F%23autorisasjon-og-sikkerhetsklarering&data=05%7C02%7CVeronika.Ollett%40dss.dep.no%7Cde28820bd6174989123008dc3c85f058%7Cf696e1861c3b44cdbf765ace0e7007bd%7C0%7C0%7C638451793152501568%7CUnknown%7CTWFpbGZsb3d8eyJWIjoiMC4wLjAwMDAiLCJQIjoiV2luMzIiLCJBTiI6Ik1haWwiLCJXVCI6Mn0%3D%7C0%7C%7C%7C&sdata=8G7oE28O7M2wOC8pxy27E3Ixtg%2FD7d2IzP3IVoduiVI%3D&reserved=0)

 

Personlege eigenskapar

Dersom du har lidenskap for tal og ønskjer å bli ein del av økonomiteamet hos oss, oppfordrar vi deg til å søkje på stillinga som økonom/controller hos oss.

For å trivast og lykkast i denne stillinga trur vi at du har:

  • gode analytiske evner, god tilnærming til problemløysing og er løysingsorientert
  • interesse og evne til å gjere analysar og drive kvalitets- og utviklingsarbeid
  • evne til å sjå heilskap og samanhengar, men samtidig opptatt av nøyaktigheit og dei viktige detaljane
  • evne til å ta initiativ og er god på framdrift og gjennomføring
  • gode samarbeidsevner og er tillitsskapande
  • positiv innstilling, deler kunnskap og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

I tillegg er det ein fordel om du trivst med ei blanding av rutinemessige oppgåver og forskjellige administrative oppgåver.


Vi tilbyr

  • løn som rådgivar/seniorrådgivar i lønnsspennet kr 545 000-750 000 avhengig av erfaring og kvalifikasjonar - ved særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • interessante arbeidsoppgåver og høve til fagleg utvikling i eit positivt, støttande og godt arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstidsordning, trening i arbeidstida og betalt overtid
  • ordning for lån til bustad og forsikrings- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

 

Kontaktperson
Ta kontakt med avdelingsdirektør Sigmund Johansen (tlf. 91 10 58 39) eller underdirektør Rune Østvold (tlf. 91 61 53 48) for meir informasjon om stillinga. For spørsmål om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med seniorrådgivar Veronika Ollett (tlf. 48 17 96 91).


 Generell informasjon

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Energidepartementet meiner inkludering og mangfald er ein styrke, og ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til å løyse oppgåvene våre endå betre. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrar bakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene må du oppfylle visse krav og krysse av for det i jobbsøkjarportalen. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).

Bakgrunnssjekk

Energidepartementet samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar i utvalde stillingar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
 

Offentleg søkjarliste

Opplysningar om søkjarane kan offentleggjerast sjølv om du har bede om å bli unntatt frå søkjarlista, i samsvar med offentleglova § 25.


Om arbeidsgiveren

Energidepartementet si hovudoppgåve er å tilrettelegge ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvalting av energiressursane.
Departementet har også ansvar for forvaltning av mineralforekomster på kontinentalsokkelen.

Sektor
Offentlig
Sted
Akersgata 59, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap,
Annet
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Controller,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

controller, økonomiforvaltning, økonomistyring, departement, SAP

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigmund Johansen
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
91 10 58 39
Kontaktperson
Rune Østvold
Stillingstittel
Underdirektør
Telefon
91 61 53 48
Følg firma
389 følger dette firmaet

Akersgata 59, 0180 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 342999583
Sist endret 17. apr. 2024 10:44

Rapporter annonse