Utløpt

Er du vår nye kollega på Sandane?

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Kunderådgjevar
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Sogn Og Fjordane

Vil du bli ein del av Norges største bankallianse? I 2024 vert Sparebanken Sogn og Fjordane ein del av SpareBank 1, som er nettopp dette. Vi styrker oss som bank, og no vil vi også styrke laget vårt inn i den spennande tida som står føre oss.

Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - og vi søkjer no etter rådgjevar til vårt kontor på Sandane. 

Vi søkjer deg som tør å tenke stort og som har ei framoverlent haldning. Trivst du med å vere der det skjer, og blir du motivert av ein variert kvardag i samspel med kjekke kollegaer og kundar? Om du får meistringsfølelse og energi i skapinga av gode relasjonar, og i tillegg er offensiv og resultatorientert – då er du den vi er på jakt etter!Du vil få ansvar for å følge opp og utvikle eiga kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa produkt, både til eksisterande og nye kundar.

Vi ser etter deg som gjer kundereisa god. Du er god på å avdekke behov og å finne dei riktige løysingane for kundane. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid.  Du har høgare utdanning og erfaring frå bank vil vere ein fordel. Relevant erfaring kan vege opp for krav til utdanning. Du er autorisert innan kreditt, forsikring og sparing. Dersom ein ikkje er autorisert legg vi til rette for å gjennomføre og bestå denne sertifiseringa.

Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.

Hos oss er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

For informasjon om stillinga kontakt banksjef Odd Kjetil Tonning tlf 481 67 062.Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Sektor
Privat
Sted
Grandavegen 7, 6823 Sandane
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

finansrådgjeving, bank, finans, rådgjeving, salg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Odd Kjetil Tonning
Stillingstittel
Banksjef
Telefon
48 16 70 62
Følg firma
102 følger dette firmaet

Grandavegen 7, 6823 Sandane

Annonseinformasjon

FINN-kode 342868729
Sist endret 16. apr. 2024 11:04

Rapporter annonse