Trivast du med å gjere analysar? Då er dette jobben for deg!

Arbeidsgiver
Engebø Rutile and Garnet AS
Stillingstittel
Laboratorieoperatør
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining er i vekst og vi riggar oss for oppstart av produksjon hausten 2024. Vi har ein skikkelig god laboratorieansvarlig, Kristoffer Grane, men han treng fleire på teamet sitt. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på. 


Prosjektet består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil (titandioksid) og granat. I tillegg til mineralprodukta rutil og granat vil det også bli produsert produkt frå gråberg samt ulike restmineral. Produkta vil i hovudsak bli eksportert. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til ca. 40 år og vil kreve omlag 100 tilsette. 

 

Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere: 

  • Bidra til at bedrifta sine retningslinjer for HMS til ei kvar tid blir overhaldt
  • Bidra til kontinuerlige forbetringar i produksjon og prosessar.
  • Bidra til å utarbeide og følge vedlikehalds -og kalibreringsplan for analytisk utstyr og prøveprepareringsutstyr.
  • Utføre analysar av bergart og mineralprøver frå prosessanlegget etter behov, og følge standardiserte prosedyrar.
  • Du vil vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å sette opp kvalitetsystem og arbeidsrutinar for oppgåver på laboratoriet fram mot oppstart av anlegget og bidra til at rutinar og system blir testa og kjem på plass fram til anlegget er i drift.

 

Dette er ønskeleg:

  • Fagbrev, men relevant praksis kan erstatte manglande formell utdanning
  • Van med å bruke IT som dagleg arbeidsverktøy
  • Er systematisk og nøyaktig.
  • Er fleksibel og er komfortabel med å sette i gang og følgje fleire ulike prosessar gjennom arbeidsdagen.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og muntlig.
  • Er komfortabel med å snakke noko engelsk.


Om du er ung, gammal, mann, kvinne eller kvar du er i frå spelar ingen rolle! Vi heiar på mangfald, og vil oppfordre alle kvalifiserte til å søke uansett kultur og tenkemåte då vi ser på dette som viktig for nytenking, utvikling og kvalitet i vårt arbeid.


Arbeidstad blir på Engebø i splitter nye kontor, laboratorie og produksjonslokaler! Per tida er arbeidstida på dagtid, måndag til fredag. Det vil bli døgnkontinuerleg drift på sikt, så ein må pårekne overgang til ei 2 skiftsordning, måndag til fredag, med fri i helgar.


Vi opptrer profesjonelt og er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal vere av dei beste på å utvikle leiarane våre, og har fokus på balansen mellom jobb og fritid. 

 

Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling. Ein jobbar tett på leiinga, med kort veg frå ide til avgjersle. Dette gir moglegheit for å påverke kva du ønsker å prioritere. 

 

Du vil ta del i eit rykande ferskt team, der alle startar med blanke ark. Vi er for tida ein gjeng på 27 tilsette frå 4 forskjellige kontinent med eit bredt spekter av bakgrunnar og erfaring. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn i organisasjonen, noko vi tør påstå er unikt i vår bransje. Ettersom dette er den første gruva i Norge på over 40 år, står vi alle på same "fjell", der dei færraste har direkte erfaring frå oppstart av gruvedrift. Fellesnemnaren er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar! 


Vi skal bli ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag. 


Spennande? Ja, då er det bare å hive seg rundt og sende inn ein enkel søknad. Om du er introvert eller ekstrovert spelar ingen rolle så lenge du har interesse for faget ditt og har ønske om å utvikle deg!


Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke. Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Om arbeidsgiveren

Vil du vere med oss og få på plass ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil?

Engebø Rutile & Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.

Sektor
Privat
Antall stillinger
5
Sted
Engebø, 6817 Naustdal
Bransje
Industri og produksjon,
Metaller og mineraler
Stillingsfunksjon
Analyse,
Kvalitetssikring,
Produksjon / Produksjonsteknikk/Prosessteknikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

laoratorie, analyse, minaraler, produksjon, Nordic Mining

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristoffer Grane
Stillingstittel
Laboratorieansvarleg
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
94 følger dette firmaet

Engebø, 6817 Naustdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 342742296
Sist endret 12. apr. 2024 12:54

Rapporter annonse