Utløpt

Bli med på laget!

Arbeidsgiver
Lysna AS
Stillingstittel
Energimontør/elektrikar og lærling
Frist
17.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Me søkjer:

·        Energimontør/elektrikar med fagbrev

·        Lærling energimontørfaget

 

Energimontør/elektrikar

Lysna AS, lokalisert i Eikelandsosen, søkjer etter dyktig energimontør/elektrikar som vil bidra til sikker og påliteleg drift av straumnettet vårt. Med høgt fokus på helse, miljø og sikkerheit, ser me etter ein allsidig person som trivst med varierte arbeidsdagar og som er dedikert til å oppretthalda høg standard i arbeidet. Lysna AS er ein del av konsernet Fusa kraftlag SA. Driftsområde er i gamle Fusa kommune, frå Holmefjord i nord til Lukksund i sør. Me oppfordrar både elektrikarar og energimontørar til å søkja.

 

Arbeidsoppgåver

  • Montering, bygging og dokumentering av nettanlegg
  • Drift og vedlikehald av eksisterande anlegg
  • Deltaking i store og små prosjekt
  • Tileigna seg ny framtidsretta kompetanse
  • Vaktordning

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som energimontør eller elektrikar
  • Bilsertifikat klasse B er eit krav
  • Bilsertifikat BE/C1E/CE er ein fordel
  • Beherska digitale arbeidsverktøy
  • God kommunikasjon- og samarbeidsevne
  • Har høg fokus på helse, miljø og sikkerheit (HMS)

 

Me tilbyr:

  • Gode lønns- og arbeidsvilkår 
  • Triveleg og uformelt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar


Søknadar vil bli vurdert løpande.

 

Lærling i energimontørfaget:

Bli en del av energibransjen som lærling hos Lysna AS.


Som lærling hos oss vil du utvikla ein brei kompetanse innan bygging, drift og vedlikehald av straumnettet. Lysna AS tilbyr varierte arbeidsdagar i et sosialt og dyktig miljø, der HMS er en viktig del av arbeidsdagen. Me oppfordrar alle som ønskjer eit ettertrakta fagbrev, i ein spanande og framtidsretta bransje, om å søkja!

 

Du vi mellom anna ta del i:

  • Drift og vedlikehald av høg- og lågspentinstallasjonar
  • Nybygging, rehabilitering og feilretting
  • Kontroll og befaring av linjer, kablar og andre installasjonar

 

Kvalifikasjonar:

  • Bestått VG1 Elektro og datateknologi
  • Bestått VG2 Elenergi og ekom
  • God kommunikasjon- og samarbeidsevne
  • Fordel at du har førarkort klasse B, eventuelt at du tek dette så snart du fyller 18 år

 

Læretida er 2,5 år.


Søknadar vil bli vurdert løpande.

Om arbeidsgiveren

Lysna AS eig straumnettet i gamle Fusa kommune, og er ansvarleg for drift og vedlikehald. Lysna AS er ein del av konsernet Fusa kraftlag SA, saman med systerselskapet Strøyma AS. Me er stolte av å vera ein lokal leverandør, med stort fokus på god service. Konsernet har 23 tilsette og held til i Eikelandsosen.

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Stallabrotvegen 119, 5640 Eikelandsosen
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektriker,
Håndverker / Elektronikkmontør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Energimontør, Energi, Nett, Energimontørlærlig, lærling

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rolf Oen
Stillingstittel
Driftsleiar
Telefon
56 58 00 30
Følg firma
11 følger dette firmaet

Stallabrotvegen 119, 5640 Eikelandsosen

Annonseinformasjon

FINN-kode 342302032
Sist endret 12. apr. 2024 16:20

Rapporter annonse