Utløpt

Bli med på historisk lokal mineralutvinning! Motiverte kollegaer ønskes til produksjon!

Arbeidsgiver
Engebø Rutile and Garnet AS
Stillingstittel
Prosessoperatør
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Engebø Rutile and Garnet AS er eit selskap i vekst og vi riggar oss for oppstart av produksjon hausten 2024. Teamleiar for drift- og prosess, Espen Kirketeig, treng difor fleire dyktige kollegaer med i teamet sitt. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på. 

Prosjektet består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Produkta vil i hovudsak bli eksportert. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til ca. 40 år og vil krevje ca. 100 tilsette. 

I stillinga som prosessoperatør treng vi deg som er nyutdanna, men og deg med lengre erfaring i frå faget som er nysgjerrig og motivert for nye utfordringar. Er du i tillegg løysingsorientert og stadig jaktar den optimale løysinga, vil du passe godt inn i resten av teamet. 


Dine arbeids -og ansvarsområde vil mellom anna vere: 

  • Prosessoperatør med oppgåver på kontrollrom og ute på anlegget.
  • Bidra til at bedriftas retningslinjer for HMS til ei kvar tid blir overhaldt
  • Bidra for kontinuerlig forbetringar i produksjon og prosess.


 Det er ønskeleg at du har :

  • Fagbrev frå eksempelvis kjemi og prosess, produksjonsteknikk, mekanikk, montør, anlegg ol., men relevant praksis kan erstatte manglande formell utdanning
  • Kunnskap om grunnleggande HMS-verktøy og prosessar
  • Van med å bruke IT som dagleg arbeidsverktøy
  • Sertifikat på truck og kran
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og muntleg


Om du er ung, gammal, eller kvar du er frå spelar ingen rolle! Vi heiar på mangfald, og vil oppfordre alle kvalifiserte til å søke uansett kjønn, kultur og tenkemåte då vi ser på dette som viktig for nytenking, utvikling og kvalitet i vårt arbeid. Arbiedspråk er norsk, difor er det ein fordel med gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk skriftleg og muntleg.

Arbeidstad blir på Engebø i splitter nye kontor og produksjonsbygg! Det vil bli døgnkontinuerleg drift, så her vil det bli satt opp ei veldig bra 5 skiftsordning!


Vi opptrer profesjonelt og er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal vere av dei beste på å utvikle våre tilsette, og har fokus på balansen mellom jobb og fritid. 

 

Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling. Ein jobbar tett på leiinga, med kort veg frå ide til avgjersle. Dette gir moglegheit for å påverke kva du ønsker å prioritere. 

 

Vi skal bli ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord! Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag. 


Spennande? Ja, då er det bare å hive seg rundt og sende inn ein enkel søknad. Om du er introvert eller ekstrovert spelar ingen rolle så lenge du er motivert og har lyst til å utvikle deg, samt har eit sterkt ønske om å bidra til forbetring!

Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål til stillinga eller korleis det er å jobbe i Engebø Rutile and Garnet.


Vi ser fram til å sjå din søknad i vår innboks!

Om arbeidsgiveren

Vil du vere med oss og få på plass ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil?

Engebø Rutile & Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
10
Sted
Engebø, 6817 Naustdal
Bransje
Industri og produksjon,
Metaller og mineraler
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi,
Produksjon,
Produksjon / Produksjonsteknikk/Prosessteknikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

prosessoperatør, prosessteknologi, produksjon, mineralindustri, Nordic Mining

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Espen Kriketeig
Stillingstittel
Temaleiar prosess og produksjon
Følg firma
92 følger dette firmaet

Engebø, 6817 Naustdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 342299050
Sist endret 29. apr. 2024 09:08

Rapporter annonse