Utløpt

Operatørar til vår produksjon

Arbeidsgiver
Avery Dennison NTP
Stillingstittel
Operatør
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Engasjement

Me nærmar oss høgsesong, og treng derfor flerie med på laget.

Ansettelsesform: midlertidig, 6 måneders kontrakt.


Ein operatør vil jobbe som ein del av eit team, og skal støtte og bidra til å drive kontinuerleg forbetring og fokus på sikkerheit, kvalitet og service. Ein skal gjennomføre ei rekkje produksjonsoppgåver, til dømes betene produksjonsmaskiner og ha fokus på materialforbruk. Denne rolla kan bli ein del av eit 12-timars skiftmønster.

Me treng operatørar til vår produksjon i trykk og kvalitetskontroll avdeling.


Sentrale oppgåver og ansvar:

  • Tek sikkerhet på alvor, og følgjer Avery Dennison sine retningslinjer for HMS
  • Vera ein del av eit team, samarbeide tett med kollegaer på andre skift og andre viktige kontakter i fabrikken og elles i konsernet
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Arbeide tett med eigen, og andre avdelingar for å identifisere drivarar som påverkar kvalitet, og leite etter løysingar
  • Ta initiativ for kontinuerleg forbetring for å fremje fleksibilitet, kvalitet, effektivitet og leveringsdyktigheit
  • Arbeide tett med teknisk avdeling for å sikre effektiv støtte og vedlikehald av maskiner
  • Dagleg drift og vedlikehald av maskiner


Kvalifikasjonar:

Det er ingen formelle krav til utdanning til stillingane, men me leitar etter kandidatar med følgande ferdigheiter:

  • Erfaring som operatør er å føretrekke
  • God arbeidsmoral
  • Sterk lagspelar
  • Kommuniserer godt med andre
  • Godt språk, både norsk og engelsk. Minimum B1
  • Resultatdreven og villig til å ta initiativ
  • Gode problemløysingsevner
  • Vere fleksibel
  • God datakunnskap
  • Vise engasjement og integritet
  • Fokus på nøyaktighet

Om arbeidsgiveren

Avery Dennison er ein global leiar innan labels og materialer. Selskapets teknologi er ein integrert del av produkt som blir brukt i dei fleste bransjar. Med produksjon i over 50 land og med meir enn over 36 000 tilsette over heile verda, tilbyr Avery Dennison tenester til eit breidt spekter av kundar.

Den norske delen av konsernet, Avery Dennison NTP, er ein leiande produsent av heat transfers for sportsklede, arbeidsklede og andre profilerte artiklar. Fabrikken er lokalisert 30 minutt frå Sogndal, omringa av flott natur med unike moglegheitar for friluftsliv. Det er her me har utviklet teknologi og produsert transfers i over 35 år. Våre 180 tilsette, fordelt over heile 24 ulike nasjonalitetar, leverer produkt av høg kvalitet som gjer det mogleg for oss å konkurrere globalt. Avery Dennison NTP var tidleg ute med digitalisering, og har dei siste 15 åra fokusert hardt på utvikling av eigne datasystem til både tilsette og våre kundar. Det har gjeve oss et stort konkurransefortrinn, og det har bidratt stort til å lande store kundar som Premier League, Real Madrid, Liverpool FC med flere. Me sel no like mykje til den utanlandske marknaden som me sel til den norske.

Les meir på www.ntp.no og www.averydennison.com.

Sektor
Privat
Antall stillinger
8
Sted
6868 Gaupne
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Produksjon

Nøkkelord

operatør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trine Neset Skjerdal
Stillingstittel
Senior HR Generalist
Mobil
91 60 93 24
Følg firma
68 følger dette firmaet

6868 Gaupne

Annonseinformasjon

FINN-kode 342193946
Sist endret 11. apr. 2024 16:08

Rapporter annonse